Kategori: Politikk

Trond Giske: Ikke et offer, ikke et venstrealternativ

IMG_2543
Klassekampen 14.02.2019

Med ektefellen Haddy Njies bok har Trond Giskes tap av nestledervervet i Ap igjen skapt et sterkt offentlig engasjement. I Facebook-grupper jeg synes er viktige, domineres trua på at den venstreorienterte Giske har falt i en maktkamp der kvinner har kommet med uriktige anklager i en maktkamp. Men: Trond Giske representerer ikke noe venstreorientert alternativ i Ap. Og: Han har sjøl vedgått uakseptabel oppførsel overfor mange kvinner. Derfor tar jeg til motmæle mot det som i realiteten er et forsvar for Giskes mangeårige oppførsel overfor kvinner og hans påståtte venstreorientering.

Intet «venstre» i Ap…
Det finnes ingen venstreopposisjon i Ap. Ingen enkeltperson eller tilløp til fraksjon kan true Aps ivrige oppslutning om USAs kriger, EU-kommisjonens styringsrett over Norge og tilrettelegging for en økonomisk politikk som fører til økt inntektsoverføring fra dem som har minst til dem som har mest. De som er tilhengere av et mer venstreorientert Ap, er i stedet medlemmer i SV og Rødt. Disse partiene utmerker seg heller ikke med særlig kraftig kritikk av Ap. Flere i Rødt er mer opptatte av «Hva ville Einar Gerhardsen gjort?». Ap gikk sterkt tilbake i siste kommunevalg, nettopp fordi Ap har spilt på lag med høyresida i Norge, og har tilrettelagt for og støtta opp om den politikken som høyreregjeringa nå blir kritisert for, som sentraliseringa og oppsplittinga av jernbanen.

…heller ikke Giske
Trond Giske står ikke for en annen Ap-politikk enn dagens. Les mer

Stig J. Helset: Klimaparadokset

Klimaparadokset 2
Dag og Tid s. 34 nr 40/19

I denne vekas nummer av Dag og Tid, nr 40/2019, skriv Stig J. Helset kronikken Klimaparadokset. Med hans løyve slepp eg til heile kronikken hans her. Eg trekk fram dette frå kronikken hans:

Gjennom den seksti tusen år lange historia og evolusjonen til mennesket har individet lært seg at det stort sett løner seg å handle ut frå kva som er best og mest tenleg for seg sjølv og sine nærmaste på kort og mellomlang sikt – og det vil vi etter alle solemerke halde fram med å gjere.

Og:

«Dei «livsførselsendringane» som folk flest faktisk gjer for å minske klimaavtrykket, er så latterleg små at dei knapt verde å nemne».

Her er heile kronikken:

Å nå 1,5 graders nivået krev ein samla reduksjon på 50 prosent innan 2030 og ei desimering av dagens utslepp innan 2050, noko som vil krevje langt meir drastiske endringar i livsførsel enn det folk er klar over og villige til å gjennomføre. Grunnen til dette er like enkel som han er skremmande: Gjennom den seksti tusen år lange historia og evolusjonen til mennesket har individet lært seg at det stort sett løner seg å handle ut frå kva som er best og mest tenleg for seg sjølv og sine nærmaste på kort og mellomlang sikt — og det vil vi etter alle solemerket halde fram med å gjere.

Når vi til dømes ser at stadig fleire menneske i den rike delen av verda passar på å ha eit sunt kosthald og drive med fysisk trening, er det fordi den enkelte forstår at ein slik livsførsel er til eins eige beste – ikkje fordi det på sikt vil føre til reduserte helsekostnader for stat og kommunar. Det er liknande mekanismar som ligg bak kjøp av elbil: Når mange nordmenn vel elbil framfor eller i tillegg til fossilt driven bil, skjer det i hovudsak fordi det gir kjøparen store økonomiske og praktiske fordelar, og delvis fordi det gir han betre samvit og jamvel sosial status som miljømedviten person – ikkje fordi han verkeleg har eit brennande ønske om eller ei sterk tru på at det vil «redda verda».

Dag og Tid sitt utdrag av kronikken:

At ein skal nå 1,5-gradersmålet om reduksjon av dei menneskeskapte klimagassutsleppa ved hjelp av tiltak frå einskildindivid eller frå demokratisk valde styresmakter, er fullstendig urealistisk.

Subsidiar

Ein føresetnad for dei store fordelane ein får ved å velje elbil i Noreg, er at den styrtrike staten (førebels) har økonomiske musklar til å subsidiere både kjøp og bruk. At staten reknar det for å vere målretta klimapolitikk å subsidiere kjøp og bruk av luksusbilar av typen Tesla, som gir svært høgt klimaavtrykk under produksjon, ved å frita kjøparen for både meirverdiavgift, eingongsavgift og vegbruksavgift og dessutan gi han gratis bompasseringar og parkering og halv pris på ferjer, får stå for staten si rekning. At velståande nordmenn vel å kjøpe slike sterkt subsidierte luksusbilar framfor fossilt drivne bilar når dei får så store fordelar, er lett forståeleg, men det er altså neppe eit resultat av eit brennande engasjement for å «redda verda». Eit tydeleg teikn på det er dei kraftige protestane frå elbileigarane når privilegia deira har blitt svakt innskrenka i visse samanhengar. Det er uansett ingen andre enn den norske staten og andre statar som har tent seg styrtrike nettopp på utvinning og sal av olje og gass, som har økonomiske musklar til å subsidiere elbilar på denne måten, og få andre statar som produserer nok elektrisk straum til å forsyne elbilane med billig straum.

Trass i tydelege og langvarige åtvaringar om dei store klimagassutsleppa knytte til flytrafikk, har talet på flypassasjerar i Noreg auka med heile 50 prosent dei siste 15 åra. Annleis var det i tida etter terroråtaket på World Trade Center 11. september 2001, då talet på flypassasjerar stupte i ein slik grad at ei rekkje store flyselskap gjekk konkurs. Plutseleg var det ikkje lenger så viktig å reise på businessreise til New York eller luksusferie til Thailand. Grunnen var rett og slett at folk var livredde for å sjølve bli utsette for flykapring. Dette viser at menneska tek grep og handlar ut frå kva dei tenker er best for seg sjølv og sine nærmaste på kort sikt, og at dei ikkje tek grep og handlar når det gjeld problem som ligg lenger framme i tid og har ein meir uklar negativ verknad, slik som klimaproblemet.

Levestandard

Dei «livsførselsendringane» som folk flest faktisk gjer for å minske klimaavtrykket, er så latterleg små at dei knapt er verde å nemne. Vi talar om slikt som at folk (i nokon mon) kjeldesorterer sitt eige søppel, som kvar einskild av oss elles produserer historiske høge mengder av fordi vi berre skal ha «det beste av det beste» og dermed kastar 25 prosent av all maten vi kjøper inn. Eller slike ting som at ungdomen bestiller «vegetarburger som smakar som kjøtt», importerte heile vegen frå Amerika, når dei skal ete på McDonalds. På slike vis og andre vis lurer folk seg sjølve til å tru at dei bidreg til reduksjon av klimagassutsleppa, medan realiteten er at den skyhøge levestandarden til dei aller fleste nordmenn i dag og i overskodeleg framtid vil etterlate seg eit klimaavtrykk som er tonnevis høgre enn det som er berekraftig i høve til å nå 1,5-gradersmålet.

Det at folk tenker på seg sjølve og sitt eige beste på kort sikt, er også grunnen til at ein heller ikkje kan nå 1,5-gradersmålet ved hjelp av politisk valde styresmakter – dei Greta Thunberg og hennar skare av klimastreikande ungdomar appellerer til. Når ikkje berre ungdomar, men også tusenvis av vaksne folk stiller seg opp framfor Stortinget og andre stader og brøler for klimaet, samstundes som dei aller fleste av dei same menneska i praksis har ein luksuslivsførsel som milliardar av verdas befolkning berre kan drøyme om, er det eit tydeleg teikn på at mange er på veg inn ein massepsykose som ikkje vil gagne klimaet i det heile. Skal ein kome i nærleiken av å nå 1,5-gradersmålet, nyttar det ikkje med streikar, brøling eller liksomendring av livsførsel; det krev ein kraftig og varig reduksjon av levestandard som folk ikkje er villige til.

Om MDG hadde fått reint fleirtal ved neste val og dermed gjennomført sitt eige krav om 90 prosent kutt av all olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel innan 2030, ville dei mest truleg ha mista så godt som all oppslutnad. For då ville folk verkeleg merka kva det kostar i forverra levestandard å skulle nå 1,5-gradersmålet, og det er ikkje folk villige til. Det er berre nokre som trur og latar og pratar som om dei er det. [Utheva av politikus.no]. Det er nemleg stor skilnad på det å innføre nokre bomringar og satse på kollektivtrafikk i hovudstaden, og det å kutte velferdsstatens inntekter med 300 milliardar kroner årleg og leggje ned 200.000 arbeidsplassar, som vil vere konsekvensen av stenging av produksjonen på sokkelen.

Majoriteten

Den fattige delen av verda, der den store majoriteten av folkesetnaden lever, får vi ikkje så mykje plass til å skrive så mykje om her (som vanleg), men ein treng ikkje vere professor i psykologi for å forstå at det vil vere liten vilje mellom desse milliardar av relativt fattige menneske til å avstå frå materielle gode som vi i den rike delen av verda har forbruka i overflod av i mange tiår, når dei vonleg får tilgang på slike gode. Ein treng heller ikkje vere professor i statsvitskap for å forstå at politiske parti som måtte argumentere for kraftige klimakutt på kostnad av levestandarden til folkesetnaden i den fattige delen av verda, vil få temmeleg få røyster.

Det verkar også å vere heilt urealistisk at ein skal nå 1,5-gradersmålet ved hjelp av karbonlagring, kjernekraft, vasskraft, solceller og vindmøller – for ikkje å snakke om sjølvmotseiande prosjekt som biodrivstoff og biobrensel. Nokre av grunnane til det er at det ikkje synest å vere verken folkeleg eller politisk vilje til å ta dei enorme økonomiske kostnadene som må til for å drive karbonfangst i storskala eller til storstila utbygging av atomkraftverk og vindmølleparkar.

Diktatur?

Den siste mogeleg løysinga er innføring av diktatur, men om ein ser til Kina, som er den staten i verda som slepper ut desidert mest klimagassar, synest heller ikkje det å vere noko alternativ, og uansett inneber vel diktaturet ein samfunnsorden som få er villige til å gå inn i, sjølv mellom klimastreikande ungdomar og delar av den norske åndseliten, som gjennom sitt opprop og opprør mot styresmaktene førre våren gjorde krav på noko som likna nettopp på eit diktatur.

Det vi har med å gjere, er eit klimaparadoks forma som ein gordisk knute som vanskeleg let seg løyse.

Stig J. Helset er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda

Mediene: Bygge opp for å bryte ned. Også om MDGs boligpolitikk?

Pressen sviktet ikke!
Aftenposten 08.09.99

Medienes historiske oppgave har alltid vært å slutte opp om de mektigste statene og klassene i sin stat, fjernt fra enhver kritisk sans. I det små ser mediene det som sin oppgave ukritisk å bygge opp noen, for så seinere helt ukritisk å bryte dem ned etterpå. Et typisk eksempel på dette er medienes holdning til Miljøpartiet De Grønne i årets kommunevalg, særlig om MDG i Oslo. MDG blei bygd opp. Blir MDG forsøkt brutt ned også?

I artikkelen Medienes mytebilder — viktig for MDGs framgang, tok jeg opp noe av dette. Her påviste jeg at MDG fikk framstille seg som et grønt miljøvennlig parti, mens når det kunne påvises at MDG stod for det motsatte av en grønn politikk — aldri har det vært et større opprør for parker i Oslo enn med MDG ved makta — var få utenom Nettavisen interessert i å skrive om denne forskjellen på hvordan påstått egen politikk er og hvordan den faktisk er.  Les mer