Svein Grødaland:

Kva nå?

Del:

Svein Grødaland:
Kva nå?

USA har påverka oss på godt og vondt i generasjonar tilbake. Ein lite populær president har fått eit skot for baugen, bokstavleg talt. Nå må han kjempa med ein kritisk kongress, der det før var fritt fram. Skot for baugen. Uttrykket skriv seg frå marinen, der ein kan gje eit anna skip eit skot framfor ein annan båt for å få denne til å stansa.

Trump sitt regime er blitt meir og meir upopulært. Krigen mot Iran, med høge prisar på bensin. Korrupsjon. Det siste var nytt for meg, at sentrale politikarar har brukt politikken til å leggja til rette for eigne inntekter. Det er sagt om dette valget at det er folkemakt mot pengemakt. Milliardærane har sputta inn store summar for å halda republikanarane ved makta.

***

Det som er minst like interessant for oss, er kva konsekvenser dette har for forholdet mellom oss og USA. Stikkorda står i kø: Utfasing av Nato, straffetoll, kostbar bensin som konsekvens av angrepet på Iran.

På meir globalt nivå: Kan det tenkjast at USA trekker tilbake basar og soldatar, slik at folk i fjerne strøk kan få lov til å ordna opp i sine eigne saker, utan innblanding av USA? Asia, Sør Amerika, Midt-Austen. Kva med eit komande nederlag i krigen mot Russland i Ukraina? Den dei kallar fullskala.

For vår del er truleg straffetollen den første konkrete effekten av valget. Den kostar like dyrt for dei som for oss. Det krigerske USA vil kanskje dempa seg litt, bruka meir skjulte operasjonar (CIA) og litt mindre soldatar og våpen. Det tek seg bedre ut på papiret.

Me kjem framleis til å lytta til Dolly Parton og sjå Clint Eastwood på film. Dei kulturelle banda vil framleis vera sterke.

Frå Grødalands Facebook-side
04.11.2026 kl 10.31.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: