Svein Grødaland:
Eit program om J.D. Vance
Visepresidenten i USA er ein interessant mann. Han kjem frå små kår, frå rustbeltet der arbeidsløysa og rusen rår. Også i unge Vance sin familie.
J.D. Vance klarte å realisera den amerikanske draumen om å slå seg opp og verta rik. Det stoppa ikkje der.
Ein viss Thiel er ein viktig person i Vance sitt liv. Han har eit mantra, som lyder omlag som så: Demokrati er til hinder for eit godt og lukkeleg liv.
Det kan han seia, som vassar i millionar av dollar, sentral som han er i Silicon Valley. Det kan verta ille for demokratiet i framtida om også visepresidenten hyllar slike ideal.
Eg fann programmet interessant. USA er framleis ein viktig del av vår kultur, vårt samfunn. Det kan ennå vera nokre av oss som drøymer om eit Amerika, der både formuer og fattigdom er endelause. Satirikaren Odd Børretzen syng om det.
Draumen om Amerika er eit glansbilete, eit fata morgana, eit land som ikkje fins. USA er eit nådelaust land, der politiet skyt først og spør etterpå. Eit land der krigen er ein naturleg del, heilt til nokre oppdagar at USA held på å tapa nok ein krig. Då vert dei sinte og tek til gatene for å demonstrera. USA er landet der pengane rår, landet der sosialdemokrati vert rota saman med kommunisme. Den er dei livredde for. Russland sto i si tid for kommunisme, i den tida det heitte Sovjet og jernteppet kvilte tungt over Europa. Me er ennå prega av denne propagandaen. Me trur at Sovjet ogRussland er same greia. I dag er kommunistpartiet eit lite parti i Russland.
Prisen folk (i USA) må betala for låge skattar er ågerprisar på helsehjelp. Ein tur på sjukehus kan ruinera folk.
Nokre av våre eigne har tilstanden i USA som sitt politiske ideal. Skattar og avgifter skal reduserast, slik at folk vert bedre i stand til å betala høgare rekningar til helse og skule. Dei definerer seg i tillegg som liberalistar, ein filosofi som legg vekt på det personlege ansvar, i motsetning til det kollektive velferdsamfunn. Denne ideologien vil alltid favorisera dei rike og dei mektige. Me andre må tilpassa oss.
Thiel kan ha rett på eit punkt: Det er dei aller rikaste som ikkje er lukkelege med demokrati, at folk flest skal blanda seg borti dei aller rikaste sine handlingar. Dei aksepterer ikkje at deira fridom sluttar der andre sin fridom byrjar.
Foto av Svein Grødaland:
Det har nyleg vore eit solig ran av kryptovaluta.
Eg ser helst ikkje at desse vindmasjonane
bidreg til produksjon av slik juksevaluta.


