Svein Grødaland:
Kardemommelova
I går summerte eg opp Bibelen sine ti bod med kardemommelova: Du skal ikkje plaga andre. Du skal vera snill og grei. For øvrig kan du gjera som du vil.
Kan denne brukast som overordna prinsipp både juridisk og moralsk? Langt på veg trur eg det.
Eg kan starta med næringslivet. Er konkurranse moralsk rett? Alle konkurransar ender med ein vinnar og ein eller fleire taparar. Kanskje ein av desse trong å vinna eit anbud får å overleva? Ikkje plaga andre. Ta med at arbeidsfolk må bera ein del av kostnaden ved anbud. Dårlegare avtalar og lågare løn er gjerne prisen for å gjera ting billigare.
Vera snill og grei?
Enn jussen? Kan alle juridiske saker målast opp mot kardemommelova? Malt med breid pensel: Alle juridiske tvistemål handlar om grunnleggjande usemje. Interessekonflikt. Ikkje gløym at Egner sine røvarar vart arrestert, og sendt til «omskolering» hos tante Sofie. Dei skulle verta gagns menneske. Det lukkast.
Boda summerer opp tre helt sentrale verdiar;
Brot på bod om liv og helse, om eigedom, andre sitt gode namn og rykte, og om eit ordna samfunn. Alt anna er presiseringar av desse. Dei religiøse boda er ikkje universelle på den same måten.
Motposten, EU spyr ut hundrevis av lovar og direktiv over oss. Dei fleste av oss anar ikkje kva dei handlar om, berre at me kjenner på konsekvensen når postverket reduserer på mannskap eller aktivitet, eller når EU vil forby oss å driva politikk til beste for eigne innbyggjarar. Då opptrer EU i strid med kardemommelova. Mykje av det EU gjer, er på ingen måte til beste for oss.
Torbjørn Egner var ein klok mann.
Det er eit stort «men» med all denne idyllen. Vår personlege moralske standard er ikkje bedre enn at juridiske presiseringar er avgjerande for eit godt samfunn. Alle treng eit sett grenser for å kunna fungera i samfunnet. Dei grenselause er ikkje gode for oss. Og dei fins.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland


