Svein Grødaland:

Dei snakka om kvalitet

Del:

Svein Grødaland:
Dei snakka om kvalitet

Det har kome ei ny liste over litteratur elevane bør ha vore gjennom før dei er ferdige med grunnskulen. Kva er kvalitet når me snakkar om litteratur, om bøker? Er det gjæve prisar og gode kritikkar?

Dagsnytt 18 nemner Jon Fosse, Odd Norstoga og Karpe. Tre ytterpunkt, spør du meg. Eg prøvde meg på Jon Fosse etter nobelprisen. Eg vart aldri ferdig. Kvifor? Godt spørsmål.

Eg har ein kort periode bak meg som bokmeldar, med alt frå pro Israel via lokale romanar til lokal krigshistorie. Sjølv har eg opplevd å verta titulert som ein person sin yndlingsforfattar. Han var lokalpolitikar, og mi bok hadde eit lokalt tilsnitt. Boka fekk måteleg kritikk av regionsavisa. Men andre forfattarar har brukt vår bok som referanse til sine bøker. Kvalitet?

Eg slukte bøker i dei tidlege tenåra. Eg trur eg var mellpom dei flittigaste lesarane på den tida.

Sjølv har eg lese mykje søl opp gjennom åra. Noko har fenga, andre ting har eg berre lagt frå meg etter eit par dusin sider.

Det ligg alltid nokre halvlesne bøker på mitt bord. Mellom dei ei bok av Tom Egeland. Den inneheld ein del referanser frå samfunn og litteratur bakover til min ungdom. Det er ein fordel å kjenna til desse referansene om ein skal få med seg nyanser.

I mi lærartid fekk eg av og til spørsmål om kvifor dei måtte læra bibelhistorie. Ein grunn, sa eg, er at de treng det for å kunna løysa eit middels vanskeleg kryssord. Ein minst like viktig grunn er at Bibel og kristen religion er ein del av vår kultur og tankegang. Dei slo seg til ro med det.

Kva er så kvalitet? Litterære prisar betyr mindre for meg. Vel så viktig er det at boka kommuniserer, seier noko om Livet og om samfunnet. Er boka god, kan det tenkjast at eg oppfattar noko anna enn det som var i forfattaren sine tankar. Til ettertanke og refleksjon.

På lærarskulen lærte me om trivialliteratur, om bøker som «Hardyguttene løyser mysterier». Etter å ha lese to eller tre av desse, visste eg at dei var laga over same leisten, med variasjonar. Alle bøkene slutta på side 188. Ingen variasjon der.

Den litterære tilnærminga er forteljinga, kjernen i alt forfattarskap. Nokre forfattarar kan dette, andre ikkje.

I dag undrast eg på kva ungdommen les, dei få som gjer det. Veit dei om dei gamle klassikarane? Store internasjonale namn som Mark Twain, R.L Stephenson, Jules Verne, Charles Dickens? Er det som vert laga i dag så pedagogisk korrrekt at ungdomane ikkje gidder lesa? Frå mi lærartid fekk eg ei interessant tilbakemelding frå mor til ein gut med litt andre interesser enn lesing: Ringenes Herre og Harry Potter fanga interessen. Eg kan forstå kvifor.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: