Svein Grødaland:

Krig, og fullskala krig

Del:

Svein Grødaland:

Det er to slag krig, krig, og fullskala krig. Den siste er så spesifikk at det ikkje er naudsynt å referera til kva for ein krig det er snakk om. Alle «veit» etter massiv propaganda. Nå vert krigen i Ukraina berre omtalt som «fullskalakrigen».

Dette er verbalt blendverk. Krigen i Ukraina er langt mindre voldsomt enn den i Gaza. Gaza er ikkje nok. Også andre land i regionen er invadert av den same staten.

Det har nyleg vore valg i Russland. Det er eit godt utgangspunkt til å diskutera graden av demokrati i Russland. Dei fleste «ekspertane» meiner at graden av demokrati er så som så, sjølv om landet har valg med fleire parti. Ekspertane tek det vestlege perspektivet. Vår form for demokrati vert sett på som det ideelle. Gløymt er prinsippet om at kvar stat skal ordna sitt styre etter eigen tradisjon.

Me kunne diskutert graden på det vestlege demokratiet. Nokre av oss hugsar levenet då partiet FOR sett opp plakatar der støtte til fullskalakrigen vart sett opp mot løyvingar til skule og helse. For meg er det eit teikn på mangelfullt demokrati at det ikkje er ei einaste røyst, ikkje eit einaste parti på Stortinget som talar mot galskapen i Ukraina. Er fleirtalet av oss verkeleg for krig? Er det berre promiller av oss som er mot den krigen? Er våre vestlege politikarar i takt med folkemeininga på dette punktet? Eg har ingen politikar som vil målbera kritikk av krigen på vegne av meg og mitt syn på krigen. Ingen. Ikkje ein gong Raudt.

Resultatet vert at krig vert ei «ikkje-sak» når det er valg. Eg har ikkje noko valg. Skal eg røysta, på eg gje mi støtte til eit parti som støttar krig. Eg likar det ikkje.

Eg røysta på FOR for eit år sidan. Det var ein rein demonstrasjon mot alle dei andre partia.

Tilbake til valget i Russland. Det er kanskje ikkje så rart at kritiske røyster til krig ikkje får gjennomslag.

Framheva bilete:
Beirut 1991.

Ikke fullskala krig.
Fordi angriperen er hvem?
Foto: Gabrielle Basilico, Art. Salon

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: