Svein Grødaland:

Nei til avgifter

Del:

Svein Grødaland:
Nei til avgifter

Høgresida sitt svar på avgifter og stram økonomi er å setja ned skatten. Dette favoriserer den som har best økonomi. Dei fleste avgiftene råkar likt, uavhengig av økonomi. Fjerner eller reduserer me avgifter, kjem det alle til gode. Det er langt meir rettferdig å ta inn desse pengane gjennom skatteseddelen. Slik sett har FrP rett når partiet vil fjerna avgifter. Det er litt verre med skatten. Brukt rett kan den bidra til at folk bidreg etter evne.

Den historiske oppskrifta på å få eit samfunn til å bryta saman, er om me let nokre få verta ekstremt rike, kombinert med ein fattig stat. Det vert så stor avstand mellom dei rike og oss andre at me mister kontakt med kvarandre. Dei rike har aldri opplevd kva det vil seia å ha for lite til neste lønningsdag. For mange er dette ein bitter realitet. Nokre andre av oss han kjent på dette i studietida og i etableringsfasen. Ei slik erfaring burde vera vilkår for å stilla til politisk valg.

Akkurat nå handlar det om avgift på drivstoff. Det ser ut til at korkje Høgre eller Ap har fatta kva dette handlar om. Oppskrifta er ikkje fulle segl i kraftig uvær. Svaret er ikkje skattelette når den vert eten opp av auka avgifter. Skattelette er ein fiktiv sum, mest til dei som har mest.

I beste fall dekker skattelette delvis auka utgifter. Typisk politikk frå Høgre.

Så har me nokre særstandpunkt. Dei aller grønaste likar auka avgift på drivstoff. Spelar visst ingen rolle om det er usosialt, berre det tener klimasaka. Klimasak er ein ting. Den er mest til pynt. Effekten på klimaet er tilnærma lik null.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: