Svein Grødaland:
Om produktivitet
Kan eit oljeselskap snakka om produktivitet? Eg snur på det og stiller eit anna spørsmål: Kva er produktivitet? Produktivitet handlar om på skapa eit produkt.
Oljeselskapa skaper ingenting. Dei hentar opp noko som alt er der. Det som er verre: Det er snakk om ein avgrensa ressurs. Ein dag er det tomt. Niks mer olje. Slik sett er klimagalskapen positivt. På sitt beste kan den bremsa litt på bruk av olje, men av feil grunn.
Ei anna sak. Kan eit kontorvelde, eit byråkrati, snakka om produktivitet? Kva produkt vert laga på eit kontor? Ingen ting, bortsett frå av pressefolk og forfattarar. Dei produserer tekst. Nå er også desse ein truga rase. I dag kan tekst produserast maskinelt.
Det er, utruleg nok, lite nytt ved tanken bak denne teknologien. Den litterære skikkelse, Samuel Gulliver (Jonathan Swift; Gullivers reiser) vert presentert for ein tekstmaskin på ei av reisene sine. Det ligg fullt av ord og fraser på eit bord. Desse vert blanda, og forfattarane plukkar ut eit utvalg. Dette dannar grunnlag for tekst. Slik kan dei halda på. Det vert djupe tankar av slikt.
Det siste var ein digresjon.
Det er berre den som produserer noko, som med full rett kan snakka om produktivitet. Bønder produserer mat. Saker og ting me treng i heimen, vert produsert, av oss sjølv eller andre. Og så vidare. Dette burde vera sjølvsagt for oss.
Henta frå Svein Grødalands Facebook-sde.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.


