Svein Grødaland:

Kven er ekstremist?

Del:

Svein Grødaland:
Kven er ekstremist?

Berre slike me ikkje likar? Eg trur ikkje det er så enkelt. Kva er det motsette av ekstremisme? Det er alle som er som folk flest, med valg og verdiar som held seg innanfor ein norm, rett nok ein vid norm.

Eit sideblikk til Bibelen, der eg kan (mis)bruka Jesus sine ord om den breide vegen, den dei fleste går på. Ekstremisme er å gå lenger enn folk flest i ei eller anna retning. Me tenker først og fremst på religion og politikk når ordet vert brukt i dagleg tale. Ein muslim kan verta radikalisert, verta ekstremist. Ein politikar kan gå lengre enn sine kollegaer i ei eller anna retning, enten til høgresida eller venstresida. Begge sidene har hatt sine ekstremistar.

Kva med Jehovas Vitner og Mormonmarane, som vert pålagt å banka på dørene for å omvenda oss? Samanlikna med folk flest av oss, er dette ekstremt. Kva med idrettsfolk, som underkastar seg eit strengt regime med trening og kosthald for å verta best? Er Nordtug ein ekstrem skiløpar, er Erling Braut Haaland ein ekstrem fotballspelar?

Mitt poeng er å problematisera ordet ekstremist. Bruken vert stadig vidare, orda vert fylt av nytt innhald, heilt til dei er tome, tømt for alt innhald. Biskop og professor Per Lønning snakka i si tid om slike utvida begrep. Slike fins ikkje. Dei er tømt for innhald. Utvatna.

I dag kan mest all innsamling av informasjon kallast forsking. Det vert feil når dei ikkje er snakk om stort meir enn lesing eller innsamling av statistikk.

Fascisme vert ofte brukt om meiningar og ytringar me ikkje likar. Fascismen er ofte å finna andre stader, som når ei gruppe tek einerett på sin bruk og si tolking av eit ord. Pride med sin ekstreme kjønnsideologi har prøvd å skaffa seg monopol på sin versjon av sanninga. Dei fleste med ein brukbar folkeskule bak seg, veit at Pride sin kjønnsideologi er tull. Likevel er det mange som lograr for deira versjon av sanning.

Det er sagt at den dagen fascismen kjem tilbake, kjem han i ei drakt med ikkje kjenner att som fascisme. Eit døme kan vera å ofra liberal fridom til fordel for auka tryggleik. Dette gjer seg best på papiret, ute i praksis kan det vera så som så med opplevd tryggleik.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: