Onsdag

Del:

Svein Grødaland:
Onsdag.

Politikarane har bestemt at dei ikkje skal diskutera politikk fram til kongen si gravferd. Dermed vert dette tema for politisk debatt.

NRK held framleis på å samla inn personlege vitnesbyrd om kva kongen har betydd for dei. Dette vert meir og meir uinteressant.

Det skjer ting ute i verda. Når dette vert tona ned, fortel det meg ein ting: Media plukkar ut kva me skal få veta, kombinert med eit «ekspertvelde» som skal forklara oss kva som skjer.

Nå skal det handla om monarki.

Eg er som sagt skeptisk til monarkiet som statsform. Skal ein priviligert familie ha einerett på det høgaste embedet i landet? Litt for og imot. Monarkiet er dei lange linjene, der epoker kan gå over fleire ti-år, medan politikken i beste fall spenner over ein periode eller to på stortinget. Politikk er endring, monarki er stabilitet. Seremoniar. Tradisjon.

Klarer ein folkevald president stå for lange linjer? Vera folkeleg, med breid støtte? Erstatta monarkiet?

Eg er ikkje sikker. Det er risikosport å satsa på den flyktige politikken.

Min president må vera ein person med stor tillit i folket, ikkje nødvendigvis ein partipolitikar. Det kan like gjerne vera ein kulturperson som har vunne seg respekt over år.

Nei, eg har ingen namn på blokka. Det er kong Haakon si oppgåve å gjera jobben inntil vidare. Han treng ikkje vera redd for posisjonen om han skjøttar vervet på ein god måte. Royalistane mellom oss har framleis fleirtal.

Framheva teikning:
Svein Grødaland.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: