Det er tysdag. Krigane rundt om på kloden går som før. Lite nytt der. Det har det forresten ikkje vore på lange tider. War as usual.
I dag har kongen lova å styra i samsvar med grunnlov og tradisjon. Litt vanskeleg, det der, all den tid det store brotet på grunnlova et om seg. Medlemskapet i EØS. Island har som sagt takka nei til å drøfta vilkår for medlemskap i EU. Klokt. Får fanden veslefingeren, tek han snart heile handa. Me har fått på tusenvis av udemokratiske direktiv frå EU. Kva gong dette vert dunka gjennom på Stortinget utan to tredjedels fleirtal, bryt dei Grunnlova. Dette har kongen lova å passa på.
I dag har politikarane skrudd opp prisen på diesel og bensin. Eller, lete vera å hindra at prisen gjekk opp. Trur neppe det vert ei god sak til valget. Avgifter generelt sitt vesen er at det går mest ut over dei som har minst. Sjølv passa eg på å fylla opp tanken på bilen i går. Er eg heldig, held det til politikarane tek til vitet og fjerner avgifta på drivstoff.
I dag kom meldinga om at min første mentor og lærar i malekunst, Tor Olav Lunde, var død. Vemodig. Eg visste han hadde vore sjuk. Siste samlinga med gamle elevar skjedde utan at han var til stades. Me malte som om han var der, og hadde dagleg kontakt.
I dag fek eg tak i lokalavisa med intervju av dotter mi, kunstnaren. Artikkelen hadde vore på nettet nokre dagar før det kom på trykk i avisa. Artiklar på nett er flyktige, verdilause og borte vekk på kort tid. Papir derimot. Eg fekk biblioteket til å laga kopi av artikkelen til meg. Til lokalavis å vera, var den velformulert.
Nest siste sak i dag: Det var ikkje berre eg som tykte det vart i overkant av kongestoff i helga. Dagsnytt18 hadde innslag om dette. Eg prøvde å bryta av med å gå inn på NRK klassisk. Forgjeves. Kongestoff der og. Eg gav opp og slo av radioen.
For eit par veker sidan fortalde eg om katten som prøvde å invitera seg inn til meg. I dag stakk eg innom naboen for å høyra korleis det gjekk. Han som hadde meldt interesse etter mitt innlegg, hadde ikkje vist seg. Men katten var lukkeleg og glad, og ville meir enn gjerne prata litt på kattevis. Sjølv om han berre er kattungen, hadde han plassert seg som sjef over dei andre kattane.
Framheva teikning:
Svein Grødaland.


