Svein Grødaland:

Forholdet til kong Harald

Del:

Svein Grødaland:

Media spurde folk i blomsterhavet kva forhold dei hadde til kong Harald. Eg er glad eg ikkje fekk spørsmålet. Eg møtte aldri kongen ansikt til ansikt. Han var ikkje ein mann eg kjende personleg. Eg visste kven han var gjennom media.

Kva ville eg sagt, om eg fekk spørsmålet? Blei ikkje spurt, var ikkje der.

Det er alltid trist når nokon døyr, uansett kor gammal ein er. Slik også med kongen. Eg tenker på familien, på ektefelle Sonja, borna med sine familiar. Det er deira tap som er det største tapet.

Eg får gjera Mimir Kristjansson sine ord til mine: Kong Harald har ikkje gjort det enkelt å vera republikanar i Norge. Det er litt feil at ein priviligert familie på austlandet skal ha einerett på det høgaste embedet i Norge. Eg lever godt med at eg ikkje får viljen min i dette spørsmålet.

Nå må kong Haakon VIII få tid til å peila ut sin eigen kurs som konge, slik dei har gjort det før han. Våre tre kongar etter 1905 har regjert i svært ulike samfunn. Dei har stått i si samtid sine utfordringar. Eg vonar han legg globalismen på hylla, ikkje let seg driva med allslags woke og vær.

Det er mi tru at endringane vil halda fram, sjølv om eg er gammal nok til å ikkje lika det eg ser.

La meg slutta meg til kongen sin tale på eitt punkt: «Alt for Norge» betyr å byggja eit godt og trygt samfunn for oss so bur i dette landet.

Men ein ting uroar meg. Midt i all takksemda over kva kong Harald var, vert utfordringa med det multikulturelle Norge sopt under teppet. Det hjelper ikkje at imamane går fram på rekke og rad og legg ned blomar. Dette burde ikkje vore dagen til å ri eigne kjepphestar. Me er først og fremst nordmenn. Då er det underordna kor vidt me er skeive, muslimar eller kristne.

Det andre er kongen sin litt lettvinte omgang med militær retorikk. Alt for Norge treng ikkje bety at me skal senda våre ungdommar i krigen, slett ikkje i ei tid der me og våre allierte hissar til krig mot vår nabo i aust. Norge har alltid hatt gode relasjonar til Russland/Sovjet. Norge er medlem i ein aggressiv allianse med ekspansjonelle tendensar.

Tida er inne til å innsjå at det er nye tider i vente. USA er ikkje lenger den mektigaste staten på kloden. Ein dag kan det verta eit problem for oss at USA sit med bukta og begge endar på ein del område. Berre ta ein ting som GPS. Det digitale kartet me alle er kobla opp mot. I Silicon Valley sit unge (dei var unge i si tid) teknogründarar og spekulerer ut nye dubedittar. Nokre av desse sakene er skreddarsydd til overvaking og kontroll. Det antyder litt om kva samfunn som kan venta oss. Vår nye konge skal halda tunga beint i munnen om han skal makta å oppfylla lovnaden om «Alt for Norge».

Men i dag er det måndag. Kvardagen held på å koma tilbake til normalen. Island har heldigvis takka nei til samtaler om eit eventuelt medlemskap i EU. I Midt-Austen er det framleis krig, der Iran og USA held på å plaga kvarandre med militære nålestikk. I Ukraina held krigen fram. Me får tal på kor mange russarar som er drepne. Førebels ingen tal over tap på Ukrainsk side. Frå før veit me at millionar har flykta frå Ukraina, mange til Russland.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: