Svein Grødaland:

Pessimistisk og optimistisk krimlitteratur

Del:

Svein Grødaland:

Det er mange år sidan eg slutta å lesa bøkene om Harry Hole. Det vart for voldsomt. Harry vart meir og meir fjern, lenger og lenger vekk frå noko eg kunne identifisera meg med.

Me har to andre forfattarar med liknande suksess: Tom Egeland med sine bøker om arkeologen Bjørn Beltø og Jørn Lier Horst med sine bøker om politimannen William Wisting. Begge desse har element i bøkene eg kan identifisera meg med. Kjenna meg heime i, sagt med andre ord.

Harry Hole vart for voldsomt, for uverkeleg. Eg treng ikkje så mange groteske sjokk. så mykje negativitet.

Frå vårt naboland har me Henning Mankel med sine bøker om Kurt Wallander og Sjöwall & Wahlöö sin roman om en forbrytelse. Kanskje figuren Martin Beck er meir kjend?

Sjöwall & Wahlöö var pionerar i sin sjanger med dette verket, den nordiske krim-romanen.

Det er alltid med ein viss skepsis eg møter nye krim-forfattarar. Kan dei seia noko fornuftig om livet, om det å vera menneske, utan at eg må ta ein «bachelorgrad» for å setja meg inn i eit nytt litterært univers?

Medan eg har ordet; TV-seriar. Ein serie som kan seia noko fornuftig om samfunnet handlinga er plassert inn i, er det som oftast ein god serie. Akkurat nå er britiske Heartbeat (Med hjarta på rette staden, NRK) eit godt døme på det. Her kan både klassesamfunn og utdatert lovverk vera sentrale side-tema. Det fins fleire. Felles for desse, er at dei er laga for nokre ti-år sidan, eller at handlinga i tillegg er lagt tilbake i tid.

Tilbake til Harry Hole. Kan det tenkjast at Jo Nesbø prøver å skildra eit dystopisk samfunn der det meste går i oppløysing? Der kriminaliteten vert stadig grovare, meir kynisk? Eg la Harry Hole til sides for ein del nr sidan. Det vart for spekulativt. For grotesk. For pessimistisk. Lyspunkta vart for få.

Eg er optimist av natur. Eg likar ikkje pessimisme. Den kan gjera livet unødig vanskeleg, kanskje også kostbart fordi me førebur oss på det som kanskje ikkje kjem?

Framheva illustrasjon:
Acryl/olje på lerret, lite format,
Malt av Svein Grødaland
under veileding av Bjørnulf Dyrud,
sommarkurs på Nansenskulen 2026

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: