Bryr politikarane seg om oss?

Del:

Svein Grødaland:

Eg sit med ei kjensle av at politikarane ikkje bryr seg om oss. Kvifor skulle eg då bry meg om dei? Veka i Arendal har vore eit forum der dei taleføre snakkar til sine eigne. Eg har inntrykk av at dialogen, samtalen mellom ulike syn og interesser ikkje har vore der.
Kjem det noko som helst ut av eit ein slik happening?

Eg noterte meg ei sak: MIFF, Med Israel For Fred, brukte sin stand til å dela ut litteratur. kall det gjerne propaganda. I følge deira eige innlegg på facebook kunne dei gjerne gje kvar gjest eit femtitals broskyrer til fordeling mellom vener og kjende. Kjenner eg MIFF rett, ville dei aldri finna på å gå i seriøs samtale med ein som er skeptisk til Israel sin krigerske natur. Kva om MIFF og Palestinakomiteen hadde sett kvarandre stevne med tanke på seriøst å diskutera den aktuelle situasjonen i Gaza, på Vestberedden, settlarane som tek seg til rette på annan manns grunn? MIFF hyllar sionismen i det aktuelle innslaget på Facebook. Ingen tanke på at det er sionismen som er sjølve problemet, tanken om å etablera eit eretz Israel.

Våre sentrale politikarar har også prøvd seg, under ein viss disiplin frå NRK sine programleiarar. Korkje Ap eller Høgere bryr seg om at folk opplever dyrtid, og at dei som har minst å rutta med, har like store faste utgifter som den som har litt meir. Korleis kan ein kan politikarar, som aldri har undrast på om det er nok pengar på konto til neste lønning veta noko om privatøkonomi? Kva veit dei om kvardagslivet til oss dei skal representera? Ingen ting. Prinsipp er viktigare. Partiet sin profil og seriøsitet er viktigare. Kvifor skal eg bry med desse, som ikkje bryr seg om oss?

Eg er lei av politiske debattar. Eg er lei av at eg på førehand kan ana kva dei kjem til å seia. Dei fleste av dei har større omsorg for partiet og eigen taburett. Eg les meiningsmålingar med ein viss interesse. Det gler meg at dei to store «styringspartia» slit med oppslutninga. Det gler meg kvar gong eg ser Venstre og Miljøpartiet under sperregrensa. Det gler meg og at Raudt har etablert seg som det fjerde største partiet. og at Senterpartiet ikkje let seg ta for gitt. Veljarane er viktigare enn politiske alliansar. Begge desse to represnterer fornuften, utan sjenerande woke-bindingar.

Det er tross alt von i hangande snøre, for å sitera ein politikar frå ei tid då Stortinget framleis hadde litt makt. Det var før det store sviket, då dei mektige gav f..n i at folket hadde sagt nei til medlemskap i den europeiske unionen.

Illustrasjon: Eg har anna å gjera enn å høyra på politiske fraser. Som å nyta ein av dei mange solnedgangane som spelar opp på vestsida av huset mitt.

Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: