Svein Grødaland:

Om å fanga det abstrakte

Del:

Svein Grødaland:
Om å fanga det abstrakte

Både kamera og pensel kan brukast til å fanga det abstrakte. Dusinvis av meir eller mindre gode bilete svirrar forbi oss. Me ser knapt på dei før blikket sveiper vidare til neste bilete. Eit kort blikk er som regel nok til å sjå kva det handlar om. Ikkje så med det abstrakte. Det inviterer oss til å sjå ein gong til, kanskje endå ein gong. Kanskje ser me ulike ting, legg litt av oss sjølv i å prøva å tolka biletet.

Eg prøver å formidla ro i mine bilete, spesielt når eg arbeider med abstrakte tema.
PS: Dette er eit fotografi.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: