Svein Grødaland:

Visuell meditasjon

Del:

Svein Grødaland:
Visuell meditasjon

Kan eit bilete formidla ro i ein slik grad at me kan snakka om meditasjon? Eg trur det. Eg har arbeidd med abstrakt kunst den siste veka, under leiing av den eminente formidlar og kunstnar Bjørnulf Dyrud. (Kurs Nansenskulen.)

Det er lett å beundra ein flott landskapsmaleri, beundra teknikken. Eg skulle gjerne hatt den teknikken på plass. Det har eg ikkje.

Kanskje eg har noko som er like verdfullt, eit bilete, med ei kjensle av ro. Men knapt utan konkret innhald. Kanskje er det som ikkje er der som eit mantra, eit ingen ting?

Eg skreiv nyleg om eit møte med såkalla karismatisk kristendom. Alt var prega av moderne konsertkultur. Lokalet er meir arena enn bedehus / kyrkje. Arena for underhaldning, show. Felles sang er erstatta av lovsang, der publikum står med lyfta hender og svaier i takt med musikken.

Vår tid har nok underhaldning, nok støy. Me samlar oss om kortvarige verdiar, kvasi verdiar. Me trur alt det dei vaksne fortel oss. Hadde me hatt tid til å setja oss ned og fundera litt over det som skjer, hadde kanskje ting sett ut på ein annan måte?

Framheva illustrasjon:
Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: