Svein Grødaland:
Grenser
Eit enkelt fotografi av to fuglar. Ein kan gjera seg nokre tankar over noko så enkelt som dette. Har du noko gong sett ein måke sitja høgt oppe i eit tre? Eller at ei kråke padlar rundt på vatnet. Også fuglar har sine grenser, grenser dei av naturlege grunnar held seg innanfor.
Alle fellesskap har sine grenser. Også mennesket har grenser. Det hjelper lite å tru at me ikkje har dei. Skal me fungera optimalt, må me halda oss innanfor våre grenser. Våre grenser er for å verna om fellesskapet, samfunnet. For måkane er deira grenser gitt av naturen. Våre grenser er av ei anna slag. Me kan kalla dei lover og reglar, etikk og moral. Eit godt samfunn får me berre ved at me samarbeider, yter vår del av samfunnskaka, og får tilbake når me treng det. Eit anna trekk ved vårt samfunn, er at det alltid vil utvikla seg eit hierarki. Nokre får rollen å syta for ei rettferdig fordeling, yta bistand der det trengs.
Me kallar dei politikarar. Erik Bye snakka om dette, politikarane er våre tenarar, ikkje våre herrar. Alt for ofte har desse sin eigen agenda. Diverre. Ein politikar som går til krig, mest uansett grunn, har ikkje lenger krav på vår respekt. Heller ikkje den politikar som talar til fordel for krig.
Kvifor skal ungdom ofra livet for å gje ein politikar litt større område å bestemma over? Kvifor vil han erstta ein politikar og ei regjering i eit anna land, berre for å auka eiga makt?
Her må me ta ein tur til sandkassen. Borna si verd. Nokre smartingar oppfordra andre til å sloss for seg. Klassisk er svaret frå ei slik slåsskjempe: Men han slo tilbake mot meg.
Så var det ikkje sjølve kamphanane som sto bak bråket. Det var nokre som trakk i snorene, bak kulissene. Slik er det ogå i den vaksne verda. Bakgrunnen for krigen er ikkje nødvendigvis slik me vert fortalt av våre media og makta. Opphavet kan liggja generasjonar tilbake i tid. Me ser berre sjølve slagsmålet. Frå dag til dag. Den daglege forteljinga inneheld aldri meir enn halve sanninga.
Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland.


