Svein Grødaland:

Ein samfunnsfiende

Del:

Svein Grødaland:
Ein samfunnsfiende

Ein treng ikkje lesa Marx eller Engels for å verta skeptisk til kapitalismen som system. Det held lenge å sjå til USA, sjå kva slags samfunn landet har utvikla seg til. Kaptalisme er grovt sagt å hala mest mogleg valuta ut av minst mogleg innsats. Resultatet er at varer og tenester vert unødig kostbare. Kapitalkostnaden må dekkast inn, i praksis profitt til aksjonærar.

Edderkoppen i dette systemet er børsen. Der er poenget å finna ut kva aksjer som vil gje størst avkasting. Den interne handelen på børsen skaffar ikkje frisk kapital til bedriftene. Målet er profitt til aksjonærane.

Vårt eige oljefond illustrerer dette. Det er spelulasjonen på børs som bidreg å senda verdien til himmels.

Det er noko som heiter «easy come, easy go». Børsverdiar er ekstremt sårbare, spesielt når pengane er plassert i papirer som bør gje god vekst. Papir. Det er slik med papir at det brenn lett når det tek fyr.

Krakket i USA i 1929 starta med at ingen lenger ville kjøpa aksjer. Dermed var dei såkalla verdipapira utan verdi.

Norge kjører med høg risikoprofil, ikkje berre når det gjeld aksjer og oljefond.

Krigshysteriet er det andre området. Nokre av oss har fått med seg kva som skjer når ein stat allierer seg med USA si krigføring i fjerne land. Nå gjeld det Iran. Iran sitt svar er å gå til angrep på amerikanske installasjonar i nabolaget.

Nato sin krig mot Russland er heilt parallell. Det er eit faktum at Europa forsyner Ukraina med våpen, trener ukrainske soldatar og bidreg med spiondata for målstyring av angrep. Norge er med på dette, både med pengar våpen og opplæring. Det gjer oss til eit legitimt mål for angrep. Amerikanske radaranlegg og militærbasar er opplagte mål for ein potensiell fiende.

Det store spørsmålet er kor vidt Russland verkeleg er ein fiende. Militært er ikkje Russland nokon fiende. Russland har ingen ambisjon om erobringar ut over å sikra russarar sine interesser. Når desse vart massakrert av vestorienterte ukrainarar, måtte Russland til slutt setja ned foten. Angrepet var provosert. Det same kan me ikkje seia om Israel og USA sin krig mot Iran.

Det store spørsmålet er kva tid det er klart for alle at USA/Israel har gapt for høgt. Før angrepet var det fri ferdsel gjennom Hormuz-stredet. Krigen har vist Iran at her er det pengar å tena. Vesten er svært sårbar for blokkering her. Ein blokkade her er katastrofal for vestleg økonomi.

Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland.
Det var ein gong liv i denne greina..…

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: