Svein Grødaland:
Tvungen sparing?
Media har daglege meldingar om krigen mot Iran. Tjue prosent av kloden sin handel går gjennom dette området, Hormuzstredet. Det handlar om olje, og det handlar om kunstgjødsel. Vår økonomi og vårt levesett treng desse varene.
Kor ille er dette? Først eit grunnleggjande faktum: vesten lever over evne når det gjeld råvarer til transport og industri. Me er avhengig av import for å halda hjula i gang.
Når me lever over evne, kva då med dei andre? Kunne dei hatt bedre materielle vilkår utan å «handla» med oss?
Arven etter kolonitida er framleis levande. Vesten, i praksis som regel USA, har hatt bukta og begge endane då det regelbaserte verdssamfunnet vart etablert. Dette regelverket har i stor grad vore tilpassa vestlege interesser, og er ofte blitt brukt mot fattigare land. Typisk rike EU-land i nord mot fattigare EU-land i sør. USA ser på heile det amerikanske kontinentet som sin «eigedom» der dei fritt kan invadera og kontrollera verdselen etter eigen interesse. Latin-Amerika har ikkje lov av USA til å operera fritt.
I dag viser tilfellet Tyskland kor ille det kan gå dersom straumen av importert energi og andre råvarer stoppar opp.
Eit par døme viser korleis systemet er tilpassa vestlege interesser. Spørsmålet om Falklandsøyane og England har dukka opp igjen, av alle ting som ei bi-sak til VM i fotball. Vil folket der høra til England, må dei få lov til det. Same logikken gjeld ikkje for austlege deler av Ukraina, som heller vil høyra til Russland. Og kvifor er det berre krigar mot USA som er uprovoserte? Har Iran nokon gong provosert USA militært? Kva med Israel sine angrep på land omkring seg? Det handlar om ein ting: nytt land til nye settlarar. Motstand mot okkupant er lovleg etter internasjonale avtalar. Gjeld ikkje det i kampen mot dei mot dei israelske okkupantane?
Tilbake til start.
Kor hadde Europa vore utan koloniane? USA utan slaveriet? USA eliminerte så godt som alle som budde i landet før den kvite mann erobra kontinentet. Då var det ikkje lenger plass for uproduktive urfolk. Dette var tida då vesten «handla» seg søkkrike på andre si rekning. Dette ranet gjorde vesten til ein dominerande kultur.
Mykje tyder på at denne tida snart er slutt. Me er ikkje lenger åleine om å vera mektige. Det som verre er; Nye maktsentra har eigne råvarer. Det er slett ikkje sikkert me får tilgang på godsakene, spesielt ikkje når me gjer oss til uvener med å føra krig mot dei.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland


