Svein Grødaland:

Hemmeleg opptak gjennom briller

Del:

Svein Grødaland:
Hemmeleg opptak gjennom briller

Briller som kan filma, ta opp lyd, og i tillegg kommunisera med brukaren. Alt dette utan at me anar noko som helst. Science fiction? Det kunne eg trudd dersom det var eit halvseriøst medium med dårlig faktakontroll som melder dette. Nei, det er NRK, Dagsnytt 18. Seriøst nok med ei slik melding.

Kven står bak? Dei vanlege mistenkte, amerikansk kapital og teknologi. Meta, facebook og alt det der.

Kva skal me med fiendar av russisk format når vår næraste allierte har spekulert ut det mest avanserte og vanvittige overvakingsverktøyet du kan tenkja deg.

For nokre år sidan las eg ei røvarhsitorie i Vi Menn om ein mann som var kobla opp med liknande utstyr. Dette gjekk han med heile dagen. Han var i den grad eitt med maskinen at det måtte vera mørkt når han tok den av. Som sagt, ei røvarhistorie.

Dette kan vera alvor. Moderne teknologi kombinert med overdimensjonert datakraft kan skapa eit dystopisk samfunn av Orwelsk format. Styresmaktene vedgår at dei er makteslause overfor denne teknologien. Dei seier at dei ikkje kan forby brillene, berre forby ulovleg bruk av dei. Det meste er ulovleg her; filming utan at den som vert filma, veit det. Innsamling av private data, som personnummer, adresse.

Kan du tenkja deg eit slikt samfunn? Aust-Tyskland med sitt Stasi vert barnemat mot dette.

Facebook. Eg er med i ei politisk gruppe, for det meste på venstresida. Denne er blitt hacka, administratorar og moderatorar kasta ut. Eg var ein av desse. Me har drøfta internt kva me skulle gjera. Ingen respons og hjelp frå facebook. Det er visst lov å vera digital kjeltring og berre overta ei gruppe og erstatta politikk med syltetøy og tips til stell i heimen.

Eg har mista tilliten til alt facebook sitt vesen. Tilliten til annonsane deira har lenge vore lik null. Nå går det eit steg lenger. Skal det vera lov å kvela seriøs debatt om aktuelle politiske saker med saft og syltetøy?

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: