Svein Grødaland:
Pessimist?
Ja, diverre. Det er ingen grunn til å vera optimist på vegne av vesten. Ein ting er at me vert invadert av kulturar som vanskeleg let seg integrera i vårt samfunn. Det er kanskje det minste problemet på litt sikt.
Det er ei utfordring som er verre, eit faktum ingen politikk kan gjera noko med. Dei siste fem hundre åra har Europa vore ekspansivt. Fleire land, også relativt små nasjonar hadde ein godt utbygd handselsflåte, supplert med ein like godt utbygd marine. Desse låg ikkje til kai, til pynt. Dei gjorde små nasjonar, som England (!), Portugal, Spania, Holland, Belgia, til mektige nasjonar ute på havet. I andre enden av dette havet venta rikdom, ressurser, varer til kolonialbutikkane heime. Kolonial? Varer frå koloniane. Dette gjorde Europa til ein rik og dominerande verdsdel. Europa delte kloden mellom seg. Etter kvart vart det ingen ledige område att til kolonisering. Europa måtte ty til intern krig for å kunna ekspandera vidare.
På nittenhundretalet byrja dette så smått å rakna. Koloniane kasta ut kolonimaktene for å overta styringa sjølv. Det var på ingen måte vellukka over alt. Det vart krig og opprør, naud og fattigdom i koloniane. Europa måtte venda tilbake til koloniane for å få orden på sakene. Ein del av dette var å binda opp tidlegare koloniar med gunstige handelsavtalar. Gunstige for Europa. I seinare tid er det først og fremst Frankrike som er blitt kjeppjaga heim frå vestkysten av Afrika.
Kva skjer den dagen flaumen av varer til gunstig pris turkar opp? Brics. Den økonomiske krisa i Storbritannia er eit resultat av dette. Ei ny regjering er ikkje nok. Tyskland slit med energiforsyning. Kjeldene med billig olje har tørka ut, mykje på grunn av tysk idealisme. Dei er blitt offer for klimamytene og USA/ Europa sin proxykrig mot Russland i Ukraina.
Europa sitt store problem er at dei viktige ressursene først og fremst fins andre stader enn i Europa: Kina, Russland, Afrika. Me kan ikkje lenger kriga og kolonisera oss til desse rikdommane. Nå vil dei tidlegare koloniane byggja opp sin eigen industri, sin eigen økonomi, medan me vert sitjande i bakevja, med Svarteper.
Ein ting til: Den ferskaste kolonimakta, USA, gjer alt dei kan for å kolonisera Europa, til eigen fordel. Militærbasar og tvangsopprusting. Tenk om det vert krig! I tillegg møter me den faktiske effekten av blokkade og sanksjonar. Det kan senda oss inn ei økonomisk krise som får folk til å minnast dei harde trettiåra, då både USA og Europa sin økonomi falt saman som eit korthus.
Når folk er meir opptekne av krig og våpen, i staden for fred, teiknar dette eit dystert bilete. Folk byrjar å tru på snakket om at det kan verta krig, at einkvan vil angripa oss. Dei av oss som ennå har det politiske gangsynet intakt, ser at dei politiske leppene ikkje er par. Når me held opp forteljinga om opprusting og samanliknar den med skattekommisjonen, ser me dette ikkje går i hop. Sett på spisen: Velferd eller krig? Valget burde vera enkelt.
Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland


