Svein Grødaland:

Skatt,
omfordelande og rettferdig?

Del:

Svein Grødaland:

Det handlar om skatt, om eit meir omfordelande og rettferdig system. Det første punktet som sig inn i øyrene, er at det skal stramast til overfor pensjonistar. Grunnen skal vera at det vil motivera folk til å arbeida meir og venta litt til med å pensjonera seg.

Eg kan forstå at Raudt trakk seg frå kommisjonen.

Alle snakka om redusert skatt. Ingen sa noko om oppgåvene; helse, utdanning, etc. Alt dette kostar pengar. Dersom dette skal kompenserast med auka avgifter og eigendeler, vert det dobbelt ille for den som har minst. Kostnaden for ein del tenester er lik for alle, uansett inntekt. Skilnaden er at dette kostar ekstra for den som har minst. Auka avgifter betyr mindre for den som har nok.

Høgresida likar å leika med tanken på at folk skal kunna velja private alternativ. Desse kostar gjerne litt meir. Då gjer det ingen ting så lenge skatten vert redusert. Det USA-amerikanske helsesystemet lurer i buskane.

Cuba, ein stat i Amerika, har full helsedekning, betalt av felleskapet. Dette landet er så intenst mislikt av USA at ingen sanksjon er kraftig nok, Aller helst ville USA teke ein rask invasjon og plukka med seg dei leiande politikarane.

Dette er relevant for oss, for det handlar også om balanse mellom offentlege plikter og oppgåver private kan løysa. Skal samfunnet finansierast av felleskapet, eller skal det vera fritt fram for private?

Det hadde vore bedre å vri opplegget vekk frå gebyr og avgifter, og heller ta det over eit felles skattesystem. Då kan folk bidra etter evne, og få etter behov. Eit gammalt Ap-dogme. (som er gløymt i dag?)

Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: