Hans Olav Brendberg:

Avtalen med Iran

Del:

Hans Olav Brendberg:
Avtalen med Iran

Det er nokre opplagte fordelar med at Trump er president i Washington — og nokre av desse har vore oppe i dagen heilt sidan han vart valt i 2016. Lærestykket i den første presidentperioden var korleis han handterte krisa i Korea, og fekk redusert faren for krig i Korea. I dette låg det ikkje nokon endeleg og evig fredsavtale — berre ei tilpasning til realitetane. Nord-Korea er ei atommakt med rakettar som kan nå USA — og Trump tilpassa seg desse realitetane bak ein sperreeld av skiftande, av og til bombastisk og ofte villeiande retorikk.

Denne tilpasninga til realitetane var sjølvsagt eit «nederlag» for USA, på ein eller annan måte. På same måte som det er eit «nederlag» når eit selskap må avskriva ein fabrikk som ikkje lenger tener nok til å forsvara investeringane. Men fordelen med Trump er at han hevdar at han har «sigra» når han gjer slike tilpasningar til røyndomen – og han har ein lojal tilhengarskare som trur han har sigra.

Og det er nok til at det ikkje kjem noko tilbakeslag. Naudsynte tilpasningar blir gjort.

Ein annan fordel med Trump, er at han gjer eit poeng av å snakka med andre statsleiarar – anten det er Kim i Pyongjang, Vladimir Putin i Moskva eller leiarane i Teheran. Eg vil slett ikkje hevda at alt diplomati Trump driv med er like godt utført. Eg synest Witkoff og Kushner er uverdige representantar for USA.

Men Trump driv i det minste diplomati, på sin måte. Det heile står ikkje i tusen stein, i eit klima der det er ein «moralsk siger» å ikkje snakka med dei som sit med andre halvpart av nøkkelen til løysingar.

No nærmar Trump seg den avgjerande testen. Den framforhandla forståinga med Iran er ei tilpasning til realitetane – og avsluttar den tryggleiksordninga som følgde Golfkrigen tidleg på nittitalet og som avløyste den tidlegare «oversjøiske balansen» som USA hadde brukt under den kalde krigen. Den avtalen USA og Iran har forhandla fram inneber amerikansk nederlag og tilbaketrekning – og er ei like naudsynt tilpasning til realitetane som løysinga av krisa i Korea.

Spørsmålet er om Trump greier å forsvara den avtalen han har forhandla fram mot åtaka som vil koma – frå Israel, og frå israellobbyen.

Det spørsmålet er heilt avgjerande for korleis ein skal vurdera Trumps presidentperiode. Han kan bli presidenten som stakk hol i ein av dei mest betente politiske maktstrukturane i det vestlege systemet.

Framheva bilde:
Foto:
Alones Creative, iStock

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: