Svein Grødaland:
«Forsking viser»
NRK melder at forsking viser at berre eit fåtal av kvinnene som får frose ned egg til seinare bruk, faktisk brukar desse for å verta gravid.
Det er bruk av ordet Forsking eg er ute etter. Med all respekt: Dømet frå NRK er ikkje anna enn litt intelligent lesing av statistikk, pluss litt framskriving av denne.
Problemet er inflasjon i bruken av ord. Informasjonen ligg der, klar til bruk. Ordet Forsking mister innhald når det vert brukt så ukritisk.
Fenomenet er ikkje nytt. For ein del år sidan vart det snakka om utvida begrep, at ord fekk vidare innhald. Professor, biskop med meir, Per Lønning sette dette skapet på plass: Det fins ikkje utvida begrep, berre utvatna begrep. Tømde for innhald.
Kva er så forsking? Det er å gå på oppdagingstur i meir eller mindre ukjent landskap. Det er å utvida kunnskap frå botnen gjennom eksperiment, prøving og feiling.
Sjølv var eg på ingen måte med på forsking då eg var medforfattar av ei religionsosiologisk bok. (Dei Sterktruande, Dreyer Bok, 1990) Menighetene var der, kjeldene var der. Me samla inn data, intervjua medlemmer i desse menighetene, og brukte litt tid på å analysera og samanfatta det me hadde. Framleis ikkje forsking. Det me gjorde, var journalistikk.
Forskinga hadde min medforfattar (Magnor E. Oma) gjort då han skreiv si hovedoppgåve i religionsosiologi om emnet. Vår oppgave var å forenkla og supplera litt for å gjera stoffet meir tilgjengeleg for eit breiare publikum.
Om å frysa ned egg: Mi heilt private forsking antyder at befrukta egg kan verta frose ned i tilfelle der ektemannen er sjuk og og i beste fall steril når han eingong vert friskmeld. Døyr mannen, er det ikkje lov å bruka egget. Vert mannen frisk, ligg egga der når familien er klar til å utvida familien. Ut over det, har eg ingen kommentar til nedfrysing av egg, befrukta eller ikkje. Det er ei anna sak.
Frå Grødalands si
Facebook-side.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.

