Svein Grødaland:
Livet kan vera svært lite elegant, som denne kråka. Når eg ser på den kristelege debatten, spesielt på den frikyrkjelege sida, lurer eg på om desse folka har gløymt korleis det er å vere menneske. Dei peiser på med harde ord mot oss som har lært litt om at det ikkje alltid er like enkelt.
Eg veit ikkje korleis det er å vera kristen homofil og kjenna på dei skråsikre orda om å vera for eller mot Jesus. Eg trur ein må vera homofil sjølv for å fatta dybden i dette. Det er viktig å få sagt det: Homofile har den same retten som oss andre til å leva i lag med den dei er glad i, også innanfor kristen samanheng.
Det eg kan seia noko om, er at heller ikkje det monogame ekteskapet er like enkelt å handtera. Eg er ikkje åleine om å ha eit havarert ekteskap bak meg. Det er mange av oss, også innanfor kristne kretsar. Eg er heller ikkje åleine om å tru på ein ny start med blanke ark.
Litt elementær teologi. I Bergpreika seier Jesus at den som ser på ei kvinne, og har lyst på henne, alt har gjort hor med henne. Lysten er der, uansett kor from ein måtte vera. Å påstå noko anna, er loddrett lygn. Avsnittet har ein annan adresse: Poenget er å visa at me alle kjem til kort overfor Bibelen sine krav. Ingen skal kunna koma til Vårherre og seia at dei oppfyller dette kravet. Likninga om tollaren og farisearen handlar om det same. Den som trur at han har alt sitt på det turre, risikerer å koma til kort. Forteljinga om kvinna som vart teken på fersk gjerning i brot på ekteskapet, handlar om det same. Fariearar med alt på stell tek henne med til Jesus for å høyra kva han meiner. Dei har sitt på det turre, trur dei. Nå skal dei fanga Jesus i ord, ta han på ein inkonsekvens. Så kjem det revolusjonerande svaret: Den som er utan synd, kan kasta den første steinen. Dei gjekk bort, dei eldste først.
Eg tenker mitt når dei mest dogmatiske skal forkynna kva Bibelen seier om ditt eller datt. Det er risikosport å ha einerett på å lesa Bibelen på «rett» måte. Bibelen er alt for samansett til å sanninga er å finna i utvalde avsnitt, gjerne kokt ned til eit enkelt bibelvers. Då kan «Guds klare ord» brukast til nokså tvilsomme påstandar. Det vil ikkje seia at det er greitt å tolka Bibelen i hytt og vær. Tvert imot. Det er viktig å ta tak i dei sentrale sanningane, og la detaljene kvila litt. Sex og synd mot det sjette bodet er definitivt ikkje mellom dei mest sentrale sakene Bibelen, sjølv om det av og til ser slik ut.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.


