Svein Grødaland:
Eg vurderer å søkja politisk asyl. Eg veit berre ikkje kor. Eg er lei av å vera borgar av ein nasjon, med eit militarisert maktapparat, som trur at meir våpen og meir krig er vegen til fred. Eg er redd me havnar på feil side i historieboka i framtida. Eg likar ikkje tanken.
Det er feil bruk av mine skattekroner å kjøpa stadig meir militære leikesaker. Det er så mykje anna som burde vore gjort.
Heldigvis er eg godt over vernepliktig alder. Det er rundt tretti år sidan eg var ferdig med uniformen for godt.
Den gongen kunne det kanskje gje litt meining å vera soldat. Me trudde på historiene om trugsmålet frå Sovjet. Me som gjekk og trødde på bedehuset, fekk i tillegg veta om korleis kristne vart behandla bak jernteppet. Me las mellom anna om broder Andreas som smugla biblar inn bak jernteppet. Me var eit lett bytte for vestleg propaganda.
Det er fleire år sidan eg kom fram til at eg ville ha nekta å gjera militærteste av politiske grunnar. Eg innsåg det meiningslause i å reisa til fjerne land for å kriga for amerikanske interesser.
Kor vert det av fredsforskarane våre? Har me ennå slike? Dei burde blitt invitert til debatten, som motvekt mot dei fagmilitære oberstløytnantane. Dei ser på krig i eit militært perspektiv, utan tanke på krigen sin legitimitet. Historie.
Kva tid starta krigen i Ukraina? I sovjet-tida vart grenser flytt på litt tilfeldig vis. Det som enda opp som dagens Ukraina, har både russiske, polske og ungarske område. Kanskje grensene burde vore justert etter språk og etnisitet?
Bakteppet for krigen i Gaza går heilt tilbake til 1948. Då vart staten Israel oppretta. Sidan har Israel gjennomført den eine krigen etter den andre for å skapa plass til sin jødiske stat. Dei fordrevne palestinarane har svart med nålestikk, og blitt hemna med ti til hundre gongers styrke.
Eg er ikkje redd for invasjon frå den tiltenkte fienden. I dag er eg meir redd for kva våre eigne kan finna på. Som UK og Tyskland. USA.
Eg er heller ikkje redd for land som Kina eller Russland, og slett ikkje Nord Korea. Dei putlar med sitt, og prøver å skræma den einaste fienden dei kan få auga på; USA.
Nå har USA vitja sine allierte i Asia, og beordra dei til å auka sitt krigsbudsjett til 3,5 prosent. Kor lenge vil verda finna seg i at USA dikterer politikken til andre land etter sitt eige (fiende)bilete? Desse landa er ikkje ein gong medlem i Nato. Eit logrande Europa prøver etter beste evne å tilpassa seg instruksen frå USA. Nå spørs om Asia er like logrande underdanige som Europa.
Foto:
Skrivaren som ung soldat


