Svein Grødaland:

Pinse
og den store misforståinga

Del:

Svein Grødaland:
Pinse og den store misforståinga

I dag er det helga då pinsevenene feirer si eiga vesle misforståing av ei hending frå Bibelen. Det handlar sjølvsagt om den første pinsedagen då Vårherre for ei kort stund oppheva forvirringa frå Babel si tid, og lot folk forstå kvarandre på tvers av språkgrenser. Alle høyrde apostlane tala på sitt språk, heiter det i Apostelgjerningane. Dette hende berre ein gong, uansett kva moderne pinsevenner måtte meina og tru.

Dei presterer eit endelaust lirum larum dei kallar tungetale, noko ingen forstår, bortsett frå han som har nådegaven til å tolka. Me andre er prisgitt tolkinga, utan høve til å kikka nærare på kva som vert sagt. Ofte er også tolkinga lirum larum utan spesiell substans. Eg har vore vitne til slikt.

Paulus seier at han heller vil tala to ord med fornuft enn ti tusen ord i tunger. Så mykje om kor «viktig» dette er. Misforståinga om tungetale som ei spesielt velsigna åndeleg greie, har festa seg i ein del kristne miljø. Det vert ein del stress ut av det, ofte med ei kjensle av mindreverd når ærlige folk innser at dei ikkje får til dette med tungetale.

For å kompensera dette, vert det piska opp vanvittig mykje stemning og halloi, for ikkje å snakka om hallelujah. Så har me dei skøyarane som klarer å laga big business ut av dette, med breie slips, store ord og ditto fakter, gjerne med eigen TV-kanal.

Dette ukristelege kravet om ekstase er drepande for all religion. Det bedøver sinn og tanke, slik at det ikkje vert rom for den stillferdige andakten, tida til å reflektera over livet, over dei verkelege verdiane.

Eg trur me best møter det heilage i stillferdig undring og respekt. Det kan skje når eg sit på ein stein ved havet, eller kjem inn i ei kyrkje, set meg på bakerste benk og let liturgi, salmesang og preike gå opp i ei høgare eining og lyfta sinnet.

Eg sa ikkje «til kva», for det veit eg ikkje. Me har fattige forestillingar om den dimensjonen me ikkje ser.

Eg har, som tidlegare sagt, fartstid frå det lokale bedehuset. Eg opplevde ofte forestillingane der som blasfemiske. Folk brukte Vårherre som ein Aladdins lampe, der dei kunne be om kva som helst, ofte i ein masande eller sutrande tone. Og så var dei så trygge i seg sjølv at dei hadde rett i alle sine forestillingar. Som sagt, blasfemisk.

Dette førde meg inn i ein tilstand mellom å vera ateist eller agnostikar. Kanskje mest det siste, for også dette med ateisme er ein religion, baser på ei tru som ikkje kan bevisast. Ateistane får til og med statstøtte som trusamfunn.

Eg har gått frå å ikkje tru til å ana at der er ting utanfor vårt sanseapparat. Bibelen er ei kjelde til kunnskap. Men ikkje berre Bibelen. Religion er først og fremst undring over Livet.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: