Hans Olav Brendberg:
Winning, winning, winning
I veka som gjekk la Det kvite huset ut ein video der Trump sa «winning, winning, winning» på ein filmsnutt som gjekk i loop i ein time. Ein kan jo forstå Trump og Hegseth si insistering på at dei har vunne – hadde dei ikkje brukt så mykje tid på å insistera på at dei har vunne, ville ingen fått med seg at det faktisk er nokon som meiner dette.
For USA har tapt – og målet til Rubio no er å gjenoppretta tilstanden før USA gjekk til åtak, då alle skip kunne gå fritt gjennom Hormuz. Sjølv dette er nok eit urealistisk mål.
USA – og Israel – har tapt.
Torsdag denne veka skal Trump til Kina og møta den kinesiske leiinga. Der hjelper det neppe å seia «winning, winning» i ein time. I Beijing handlar det om kven som har dei gode korta.
Det er ikkje Trump.
Vi er på veg inn i ein ny verdsorden – etter at USA sjølve har svidd ned den verdsordenen dei bygde opp etter 1945. I den rekonstruksjonen som kjem, vil økonomiske, politiske og militære tyngdelover avgjera mykje.
Kina produserer i eit normalår kring 2 milliardar tonn sement. Rekordproduksjon var i 2014, med 2,49 milliardar tonn.
Då produksjonen var på topp, produserte Kina på to år meir sement enn det USA gjorde på heile 1900-talet. Verda har berre ei økonomisk supermakt – og den makta er ikkje USA. Den enorme, økonomiske oppturen til Kina har endra makttilhøva i verda – og dette viser seg på stadig nye område. Kina har no over 5000 mil med høgfartsjarnbane – med fart over 300 km/t. USA har ei strekning på kring 8 mil på austkysten der toga går fortare enn 250 km/t.
Trump har ingen politikk for å få oppgradert ein gamal og sliten infrastruktur. I staden foreslår han å auka militærbudsjettet med 50 %.
Nederlaget i krigen mot Iran vil gje ekstra fart til prosessen der den amerikanskledde verdsordenen blir avvikla. Om USA insisterer på å halda fram ein krig dei har tapt, risikerer vi global depresjon før neste vinter. Massearbeidsløyse, svolt og alt som høyrer med.
Det er ikkje Kina interessert i. Og difor blir toppmøtet denne veka den viktigaste politiske hendinga i år.
Om det blir toppmøte.
Dette innlegget er henta fra Brendberg Facebook-side
10.05.2026 og gjengitt med hans tillatelse.
Debatten etter hans innlegg kan følges her.
Framheva bilde:
Foto: 12019, Pixabay


