Svein Grødaland:
Kjøpa el-bil?
Eg har vore litt over middels interessert i bil. Det er ikkje slik at ein bil berre er ein gjenstand som transporterer meg frå A til B. Den er meir enn det. Såg du nokon gong ein direktør kjøra rundt i ein Lada? Kom nokon glidande i ein Mercedes, var det enten ein drosje eller ein person frå øvre middelklasse, ein med god råd. Slik var det ein gong. Når eg ein periode kjørte ein tjue år gammal Medcedes 300D, var det fordi denne var slitesterk og driftsikker.
Eg har hatt heile spennet, frå Citroën 2CV, via Citroën CX til den omtalte Mercedesen. I mellom alt dette har det vore mykje rart, frå meir fransk, tysk, svensk, til og med italiensk.
Då eg kjøpte min første Toyota Prius for rundt tjue år sidan, var den eit symbol på nokre haldningar. For nokre var den venstresida sitt miljøalibi. For meg var den ein driftsikker og rimeleg bil.
Sidan har det blitt fleire Priusar. Den siste vart kjøpt for eit par månadar sidan. Den gamle nærma seg tre hundre tusen kilometer, pluss eit prioverslag på reperasjonar som nærma seg verdien på bilen.
Den nye er av typen oppladbar hybrid, kombinert med Toyota sitt unike hybridsystem. Det betyr rundt fem mil som el-bil før den vert til vanleg Toyota hybrid. Fantastisk. Då kan eg jolla rundt i nærområdet utan tanke på kostbar bensin. Til sommaren skal eg til Lillehammer ein tur. Ingen problem. Hybrid så langt det rekk, resten av turen (rundt sytti mil?) går med tradisjonell Toyota hybrid.
Nei, eg kjøpte ikkje bilen for å redusera utslepp av klimagass. Eg har forresten aldri møtt ein el-bileigar som set miljøet først. Det er økonomi som står i høgsetet.
Ein ting til: Eg har det til felles med Senterparti-Vedum at tilgjengeleg buss berre er ein teori. Bilen er viktig for å kunna bu her eg bur. Eg ristar på hovudet kvar gong MDG pratar om buss og tog som alternativ til bilen. Kva veit dei om landet dei bur i?
Endå ein ting: Kva el-bil hadde eg fått for prisen på min nye (brukte) Prius? Dei fleste annonsane eg ser, antyder det doble.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.


