Svein Grødaland:

På ein dag som dette
1. Mai

Del:

Svein Grødaland:
På ein dag som dette
1. Mai

Sett på spissen: Høgresida feirer individet, venstresida fellesskapet. Begge deler er viktige. Frihet utan grenser er egoisme, retten til å prioritera seg sjølv framfor fellesskapet.
Motsett: Uhemma fellesskap er einsretting, undertrykking av det alternative, den frie tanken.

Det er ikkje vanskeleg å finna døme på dette, både politisk og religiøst. I Sovjet-tida var einsrettinga godt utvikla. Dei kalla det kommunisme. Tanken var ikkje fri. Derimot var dei sikra arbeid og det aller mest nødvendige av materielle goder. Det meste av Sovjet-imperiet har utvikla seg i demokratisk retning.

Det er lettare å finna døme i den religiøse sektoren. Me har ein bukett religiøse samfunn, som Jehovas Vitner, Smiths venner, Samfundet. Alle desse har murar mot storsamfunnet, interne reglar både for indre liv og kontakt med storsamfunnet. Dei stenger andre ute og seg sjølv inne bak murane med reglane sine. Det gjeld forresten alle slags organisasjonar. Ein går saman for ei god sak, og bind kvarandre til å vera lojale mot saka.

Det me treng, er ein balanse mellom felleskapet og det individuelle, mellom samhald og lojalitet mot den frie tanken.

Eit banalt bilete: All samferdsel, med bil, båt, fly, har klare reglar og traséar for trafikk. For bilen er det opplagt: Oppskrifta på anarki er å sleppa eit par dusin bilar ut på ei open slette, utan reglar og ber dei kjøra som best dei kan. Då tenker eg; Takk for reglane. Takk for den fridommen me får ved å ha reglar.

For øvrig er mine parti Raudt og Senterpartiet. Takk for praten.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: