Svein Grødaland:

Første mai

Del:

Svei Grødaland:
Første mai i morgon.

Berre så det er sagt: Eg har aldri i mitt vaksne liv gått i tog, frivillig. Heller ikkje i morgon.

Kva parole ville eg stilt under? Nei til krig. Nei til opprusting. Nei til meir militarisering.

NRK melder at det militære har bestilt 54 stridsvognar til omlag ein million for kvar vogn. Jada, dei er militært avanserte der dei svingar seg i krigsdansen med kanonen retta mot eit fiksert mål. Imponerande. Men heller ikkje meir.

Kor er analysen bak dette innkjøpet? Kor finn me den eller dei farane me må verna oss mot? Militær invasjon er ikkje den faren som brenn mest, sjølv om vår eigen propaganda prøver å fortelja oss det. Skulle framande makter gå over streken mot oss, skjer det på andre måtar. Høyrde forresten at internasjonale forbrytarbandar utgjer ein trussel mot oss (PST). Kan den møtast med militære middel? Neppe.

Eg må tenkja slik: Dersom eg skulle gå til krig mot eit land som Norge. Korleis ville eg gjera det? Eg får svar eg på ingen måte kan lika. Det første eg ville slå ut, var el-nettet og datakablane. I eit teknisk avansert samfunn ville det vera svært effektivt. Deretter ville eg fjerna nokre sentrale knutepunkt på veg og jernbane. Eg stoppar der, Ingen ting av dette kan møtast med tradisjonelle militære middel.

Så har vår eigen statsminster sagt at han er sikker på at våre ungdommar med militær utdanning er villige til å ofra livet i ein krig. Argumentet er avgjerande for meg. Eg er ikkje villig til å mista eit av mine barnebarn på noko så meiningslaust som krig. Det er lettvint av ein gammal mann som Støre å snakka så kvardagsleg om så alvorlege ting.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: