Svein Grødaland:

Partiprogram
overstyrer sunn fornuft

Del:

Svein Grødaland:
Partiprogram overstyrer sunn fornuft

Nå om dagen er det Senterpartiet som set politisk dagsorden. Når partiet sender opp nye politiske prøveballongar, skjelv Støre i buksene. Det siste utspelet handlar om familiegjenforening (finn ikkje godt ord på nynorsk). SV tek på seg rollen som forsvarar av fellesskapet.

Miljøpartiet har nyleg hatt årsmøte, med Støre til stades. Dei har og ein draum. Det skal dei ha. Dei drøymer om ei bedre verd, der alle bilar er elektriske, der alle reiser kollektivt til redusert pris. Dei drøymer om eit samfunn utan miljøproblem. Dei drøymer om å løysa kraftkrisa, samstundes som samfunnet skal gjennomelektrifiserast.

Senterpartiet vil aldri gå med på dette. Det trengs ikkje forsking og doktorgrader for å sjå at Miljøpartiet sitt reknestykke ikkje går opp. Partiet spelar ballen rett i beina på Senterpartiet, så elegant at partiet ikkje treng bry seg. 95 prosent av oss ser det, alle oss som ikkje stemmer på MDG.

Ei heilt anna greie, eit døme på rar fornuft, er kattefolka i Rogaland som vil sterilisera alle kattar. Alle. MPG kunne applaudert noko slikt, av omsyn til fuglane.

Ei tredje sak er at NOAH tykkjer dei store offentlege akvaria driv med dyremishandling når dei held sjødyr i bur. Ein type fornuft heilt på linje med MDG.

Eg må beundra Arild Hermstad for ein ting: At han klarer å stå der og snakka tøv, som om det var alvor. Senterpartiet prøver forgjeves å forklara den mannen korleis ting faktisk er. Partiprogrammet overstyrer sunn fornuft.

Framheva bilete:
Katten ler av forslaget om sterilisering.
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: