Svein Grødaland:

Zelenskij, på besøk igjen

Del:

Svein Grødaland:
Zelenskij til Norge

Det er fjerde gongen Zelenskij kjem til Norge. Ærendet er det same. Meir våpen. Meir pengar. Pengane treng han til anti-luftskyts. Problemet er at dette er avanserte og kostbare saker. Det verste er at produksjonen ikkje er høg nok til å dekka behover i Ukraina, for ikkje å snakka om Midt-Austen. Iran si hamring mot amerikanske basar tærer hardt på forsvaret mot missiler og droner.

Det som verre er: Med Victor Orban ute av arenaen vert vegen opna for vitlaus satsing på meir krig frå EU si side. Alle brushanar treng kritiske røyster som demmer opp mot hovudlaus politikk.

Eit lyspunkt: Partane, spesielt USA, held på å bruka opp det mest avanserte våpenarsenalet. Pengar er i seg sjølv utan verdi når det ikkje lenger er varer til salgs. USA har ikkje kapasitet til å kriga både mot Russland i Ukraina, hjelpa Israel med å erobra meir land, halda Sør Amerika i øyrene, erobra Grønland og styrta regimet på Cuba.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: