Svein Grødaland:
Island
Island har ingen hær og ingen fiendar. Tenk litt på akkurat det, ingen hær, ingen fiendar. Setninga dukka opp på internett, og beit seg fast.
Europa rustar opp for harde livet for å møta eit eventuelt trugsmål frå Russland.
«I den tida me lever i», seier politikarane, og let oss forstå at det er farlege tider.
Kva er farlig? Mange vil peika på Russland. Historia fortel noko anna. Kva nasjon på kloden har ført krig i over to hundre år, bortimot non stop? Det skal vera nokre få år i denna nasjonen si historie der landet ikkje har vore i krig.
Dei fleste vil veta at eg siktar til USA.
Kva kan me læra av krigen mot Iran? Ein opplagt ting: Iran svarer med å gå til angrep på amerianske installasjonar i naboland: Ambassadar, militæranlegg, oljeanlegg. Skip som handlar med vesten, vert stansa i Hormuzstredet.
Er svaret å rusta opp? Tvert imot. USA sine omforente anlegg skulle sikra oss i ein stabil situasjon. Når situasjonen snur seg i retning uro og krig, vert brått amerikanske anlegg på norsk jord eit legitimt mål, for land som Iran. Det er berre eit spørsmål om tid før våpen frå Iran kan gå så langt som til Norge. I teorien. Måtte alle gode makter bidra til å hindra at slikt skjer.
Framheva illustrasjon:
Foto eller maleri?
Av Svein Grødaland.


