Svein Grødaland:

Spørsmålet viktigare enn svaret.

Del:

Svein Grødaland:
Spørsmålet er ofte viktigare enn svaret.

Svaret har noko definitivt over seg, ei tankerekke som er tenkt til endes. Det kritiske spørsmålet har utvikling i seg, opnar for både nye tankar og nytt blikk på situasjonen.

Meldingane i media om angrepet på Iran. Det er stort sett berre svar, lite undring, få spørsmål. Alt er sjølvsagt, sett med vestlege briller. Ein har gjerne ein ideologisk ståstad, ein ideologi. Viktig at den får dominera, ser det ut til.

Akkurat nå handlar det om angrepet på Iran. Eller skal me seia det brutale og uprovoserte angrepet, uført av parhestane Israel og USA? Ord skaper haldningar over tid. Fleire spørsmål i media kunne gitt ei meir balansert formidling av nyheter.

Yama Wolasmal sine intervju med sentrale personar kan bidra til å setja ting i relieff, få folk til å stilla spørsmål ved eigne forestillingar. Det er viktig å få fram mange røyster og haldningar, også dei me er rykande usamde med.

Utfallet av krigen, både den i Iran og den i Ukraina, er usikkert. Nå melder sjølv NRK at USA held på å gå tom for anti luftskyts. Alternative media har hatt saker om det ei tid. Det er på høg tid å formidla sanninga når det ikkje er råd å koma utanom, også for meir sentrale media. Men så var det dei vanskelege spørsmåla.

Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: