Kongeleg flause,
det minst alvorlege

Del:

Svein Grødaland:
Kongeleg flause

Kronprinsessa har all grunn til å vera flau. Det vert gjerne slik når me rotar oss borti ting me helst ikkje vil at mor vår skal veta noko om. Oppstyret rundt MM og Epstein er på dette nivået.

Det er alltid i viss spenning knytt til å ha kontakt med dei slemme gutane. There is nothing like a free lunch, heiter det gjerne. Det fins alltid ein baktanke når små spurvar vert invitert inn i tranedansen. Det er Norge og nordmenn sin posisjon på den internasjonale arenaen.

Fleire kjelder melder om kontakt med Mossad og mogleg spionasje. Dersom det stemmer, ligg mistanken open om både honningfeller og innsamling av informasjon. Kva svake sider hefter ved dei personane som har gjesta Love Island? Fins det kompromitterande bilete? Bileta av ex-kongeleg Andrew kan tyda på det. Er han fotografert i uheldige situasjonar, kan også andre vera det. People are people.

I dette perspektivet er Mette Marit sin kontakt med Epstein den minst alvorlege. I motsetning til folk som Jagland, Børge Brende, Rød-Larsen, har ho ingen reell maktposisjon.

Det leier meg til neste tanke: Dersom det fins bilete av politikarar i ein situasjon med honningfelle, har einkvan eit fantastisk pressmiddel for å få det som dei vil. Dei flest vil bøya nakken under press og trugsmål om å få offentleggjort slike bilete. Organisasjonar som CIA arbeider på denne måten. Dei bryr seg lite om kor vidt objektet er venn eller fiende.

Det har så langt vore komfortablt å hengja hatten på pedofilien og litt kongeleg oppstyr. Då er ein sikra samrøystes fordømming i oponionen. For meg er dette det store spørsmålet: Fins det meir under dette teppet? Fleire som har handa i honningfella?

Framheva bilete:
Bilete av situasjon med honningfelle
fins ikkje nødvendigvis på ein E-post.
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: