Svein Grødaland:
Kulturkollisjon
Det søkende og undrende versus det konkrete og analytiske. Akademikaren versus offiseren. Å formidla ei aning til ein mann som lever med fasitsvar og rigide Exel-kolonner. (Tom Egeland, 2023)
Ein annan passasje frå den same boka: Det er livsfarleg (for ein militær) å vera skråsikker. Han kan ta feil, med katastrofale konsekevnsar for seg sjølv og soldatane.
Interessante passasjer. Eg kjenner att litt av min måte å tenkja og skriva. Det faktiske er av mindre interesse. Det som verkeleg kan vera interessant, er tankar som vert sett i sving på grunnlag av tørre fakta. Fakta handlar om det som er slik. Datoar, adressser, hendingar. Undring handlar om kvifor ting er som det er. Stikkordet er kvifor. Bakteppet. Historia, Til dømes dette: Alle veit at det er krig i Ukraina. Færre bryr seg om kvifor. Nokre har all interesse av at me ikkje spør. Media burde brukt meir tid på kvifor, stilt kritiske spørsmål.
Eg likar ikkje det skråsikre, det sjølvsagde, der det ikkje er rom for tvil. Då har ein bunde seg fast til dogmer, som ofte i samsvar med tidsånda sine dominerande tankar. Ekte vitskap er aldri heilt sikker. Heile vitskapen baserer seg på spørsmål, på tvil, både til eigne og andre sine resultat. Det er spørsmålet, tvilen, jakta etter meir kunnskap som driv forskinga framover. Ein vitskap der alle er samde, har fasitsvaret, er ingen vitskap. Då har me fått eit dogme, ein religion. Me har eit par slike, der det ikkje er lov å stilla spørsmål.
Illustrasjon: Det lyse kjem best fram i kontrast mot det mørke. (Eige maleri, framleis på stafelliet.)


