Svein Grødaland:

Kva med Iran?

Del:

Svein Grødaland:
Kva med Iran?

Så veit me det. Mossad er aktiv i Iran. Kjelde: Israeli Heritage Minister Amichai Eliyahu has revealed that Israeli agents are currently active in Iran. (Middele East Monitor)

Kva alternativ har Iran? Er Mossad inn i biletet, er også CIA der. Begge har all interesse av å ta knekken på regimet i Iran.

Det er i teorien tre alternative utgangar av situasjonen. Det eine er at det roar seg og går tilbake til normalen. Så langt har regimet i Teheran klart å stabilisera uro og gå tilbake til business as usual. Religionen er ei mektig kraft, sjølv om det skjer under tvang. Det er alltid krefter som vil ha det slik det er.

Så kan ein stilla spørsmål om kvifor krigen med Israel var over etter tolv dagar. Var det fordi Israel / USA vann krigen? Eller var det slik at dei slutta medan leiken var god ved å gje inntrykk av at krigen var vunnen? Det er minst to forteljingar om kor stor skade krigen hadde påført Iran sine atomanlegg.

Det kunne og vera slik at risikoen ved å halda fram var for stor. Israel fekk uventa motstand ved at iransk artilleri gjorde større skade på Israel enn det landet hadde opplevd før. Som regel har Israel kjempa mot veike motpartar som ikkje har vore i stand til å svara med same mynt. Dette fører vidare til neste punkt:

CIA/Mossad sitt mål er å få kontroll på situasjonen og set inn eit regime som er lojal mot USA og Israel. Sett på bakgrunn av tolvdagarskrigen er det slett ikkje sikkert at det er så enkelt. Iran er i stand til å bita frå seg militært. Ein militær invasjon vil alltid trigga forsvarsinstinktet. Kan den indre protesten, fyrt opp under av CIA og Mossad, vera sterk nok til å velta regimet? Spørsmålet står ennå ope.

Det tredje alternativet er at prestestyret vert kasta og etter kvart erstatta med ei demokratisk valgt regjering. Dei to første alternativa er ingen garanti for ei demokratisk utvikling. Det vert berre å erstatta eit diktatur med eit anna. Erstatta ein gruppe politiske fangar med ein anna gruppe. Sjahen sitt regime var på ingen måte noko demokrati. Når son til shahen er på banen, peikar det i retning av meir av det gamle: opposisjonelle av alle kategoriar vert arrestert og fengsla på svært tynt grunnlag. Men, dei som vil kasta hijaben, vil få det som dei vil.

Det tredje alternativt er diverre lite realistisk. CIA og Mossad vil syta for at USA og Israel vil få siste ordet. Dei har ingen interesse av demokrati i Iran. Det handlar om makt, posisjonar og lukrative avtalar om handel.

Eit lite omtalt moment er at vestleg dominans over Iran kan svekka BRICS sin posisjon, noko USA har all interesse av. Talet på ikkje-vestlege land som sluttar seg til denne organisasjonen aukar. Det kan og skje at vestleg maktpolitikk kan driva fleire land i armane på BRICS. Sett frå mitt skrivebord kan det vera positivt å bryta ned USA sitt maktmonopol. To dagsaktuelle stikkord: Venezuela og Grønland.

Henta frå Grødaland si Facebook-side og attgjeve med hans løyve.

Foto Svein Grødaland:
Utanlandske støvlar
på bakken kan vera riskosport

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: