Svein Grødaland:

2026: Blir bratt?

Del:

Svein Grødaland:

Skal 2026 verta det året det var så bratt? Motbakke. Nye tider, nye konstellasjonar, nye allierte, nye fiendar, og kanskje nye vener? Nye allierte? Eg har gitt opp å halda meg orientert om alle utspel og nye sjakktrekk på det globale sjakkbrettet.

Det ser framleis ut til at våre europeiske leiarar orienterer seg etter gamle kart.

Berre for å ta det eine: Europa vert samde om eit forslag til fred i Ukraina dei burde veta ville verta blankt avvist. Russland har sagt det same heile tida: Nedrusting, ingen utanlandske soldatar i Ukraina. Det minst viktig er kanskje at dei russiske områda i aust får verta ein del av Russland. Krigen Kiev førte mot desse var truleg utløysande årsak til krigen.

Vesten har aldri akseptert dette. Vesten har argumentert og kjempa mot sitt eige vrengebilete av krigen.

***

Det var ikkje det eg hadde tenkt å skriva om i dag. Spørsmålet er om me kan ha tillit til USA? USA fører bøllepolitikk mot Venezuela, Columbia og Grønland. Svalbard tenker tanken.

Det kjem for ein dag at invasjonen i Venezuela var basert på lygn, at Manduro og landet hans førte krig mot USA ved hjelp av narkotika. Det punktet vart fjerna alt under fengslingsmøtet. Då var bombinga av småbåtane truleg også basert på den same lygna.

Som sagt; kan me ha tillit til vår «næraste allierte»? For meg er svaret opplagt. Då vert neste spørsmål: Kva nå?

Me treng ei nyorientering. Den er så smått i gang ved at Europa knyter kontaktar med kvarandre, kjøper militært utstyr av kvarandre der det før var naturleg å handla med USA. Nokre få av oss hugsar skandalene med nye jagarfly, F-35. Valget falt på dette flyet som politisk gest til USA, sjølv om det fans billigare og truleg bedre europeiske alternativ. Nå kjøper Norge fregattar av England, mykje av same grunn.

Dette er ikkje nok. Våre eigne sit alt for godt fast i retorikken frå i går. Den retorikken er avlegs. Nå er tida inne til spørsmål: Kva nå?

Diagnosen kan vera beisk. EU held på å gå opp i liminga. Land etter land markerer eigne kritiske standpunkt. USA hissar på seg verdsamfunnet ved arrogant politikk der mottoet er America First.

USA har minst like store problem på heimebane. Motsetningane aukar. Det verste er kanskje at Makta brukar våpen mot sitt eige folk. Berre dei siste par dagane er det blitt løyst skot på svært tynt grunnlag.

Er USA på veg opp eller på veg ned? Svaret er ikkje sjølvsagt.

For oss her heime som liten nasjon er det aller beste tipset å sitja heilt stilt i båten og ikkje blanda oss borti krigane mellom dei store. Bortsett frå ein ting: Me bør stilla oss solidarisk med Grønland om USA finn på noko dumt. Det ville i så fall vera kroken på døra for Nato.

Viktigast av alt: Me er best tent med eit godt forhold til alle. Også til Russland.

Framheva illustrasjon:
Teikning: Svein Grødaland.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: