Svein Grødaland:
Ting vert ikkje som før
Seier den danske statsministeren. Ho har eit poeng. Problemet er kva me skal gjera dersom USA gjer alvor av å anektera Grønland. Kven skal me vera lojal mot? Departementet er ullen. (Dax18)
Propagandaen mot Russland spøker i bakgrunnen. Forteljinga om eit ekspansivt Russland sit ennå djupt i ryggmargen. Eg har ved fleire høve sat at eg er meir redd USA enn Russland. Raidet mot Venezuela styrker teorien min. Trump sin retorikk dreg i same retning. Han snakkar om Columbia og Grønland, og kallar det ein god plan å gripa inn.
Kanskje Europa skal stikka fingeren i jorda og sjå kven som kan finna på noko dumt. USA er definitivt den fremste kandidaten akkurat nå. Norge, og Europa, sit ennå djupt i det klisteret som handlar om å sjå på USA som vår fremste allierte. Det er ikkje like sikkert lenger.
Me er på veg inn i ein multipolar tidsalder. USA er ikkje åleine på arenaen som den aller mektigaste av alle. USA får selskap av land som Russland, Kina, kanskje Brasil, India. Desse vil gjera sine synspunkt gjeldande, og balansera amerikansk overmot.
Det første som vil skje, er at Nato vert totalt irrelevant. EU sakkar akterut i konkurransen med Asia. I dag dominerer bilar frå Japan, Kina og Sør-Korea. Det same gjeld smått og stort av dubedittar, kamera, mobiltelefon, etc.
Spørsmålet mitt er: Har Europa råd til å rusta opp, bruka 3-4 prosent av BNP? Kan me bruka dei pengane bedre ved å byggja opp sivil industri? Kven er den potensielle fienden mot Europa? Neppe Russland. Kva har dei å henta her? Dei har både råvarer og nok areal. Dei andre BRICS-landa? Europa er ikkje noko trugsmål mot nokon av desse. Dei utfordrar oss innan økonomi og produksjon. Vårt svar på den utfordringa er å ta så mykje produksjon tibake som me kan.
Den mest ekspansive stormakta er USA. Ingen ved sida.
Ting vert ikkje som før. Nå er tida inne til å sjå framover, verta «vaksne» og stå på eigne bein. Det kan vera vanskeleg nok for gamle kolonimakter som er vane med å «kjøpa» billig frå koloniane.
EU er for stort og tungrodd. Medlemmene bør løysa litt på banda seg i mellom, gjera det som er best for kvar enkelt nasjon. Land som Hellas, Spania, Tyskland og Frankrike treng ikkje den same økonomisk medisinen. Målet for all politikk er å gje eigne innbyggjarar eit godt liv, med mat på bordet og tak over hovudet. Det store fleirtalet av våre politikarar har synda grovt mot dette litt sjølvsagte idealet.
Henta frå Grødalands Facebook-side.
Illustrasjon:
Våpen er ein avlegs måte å løysa problem.
Av Svein Grødaland.


