Svein Grødaland:
Godt Nytt År
Livet har sine ritual. Overgangen til eit nytt år er eit av desse. Rituala er knaggar til struktur. Homo Sapiens, mennesket, treng denne strukturen. På den måten får me eit system, at dei same hendingane dukkar opp, om igjen og om igjen.
Eg skriv på desse linjene på den første dagen i året. Eit nytt, blankt år ligg framfor oss. Men ikkje heilt blankt. Skiftande årstider syter for sin del av ritualet. Skiftande månefaser rullar gjennom året, ein stad mellom tolv og tretten månar. Dette har vår kalender strukturert til månadar.
Slik kunne eg halda fram, peika på naturlege strukturar. Det er ikkje for ingen ting at folk som slit med livet, treng struktur, få veta kva som skal skje. Det skaper tryggleik i livet.
Det er sikkert blitt sagt med mange årsskifte, at me lever i ei utrygg tid. Det stemmer forsåvidt. Det er krig både her og der, der utfallet kan verka usikkert.
Eg skriv desse linje til lyden av nyttårskonserten i Wien. Også dette ein del av ritualet. Merkeleg nok sakna eg ein del av det som høyrer heime på dagen: Nyttårshopprennet. Det som fascinerte, var prestasjonen, våga å setja utfor den store bakken. Unge meg let seg imponera. Det sette ein ekstra spiss på rennet at det på ingen måte var sikkert at ein nordmann vann. Apropos vinna, hadde NRK brukt så mykje plass til sjakk om det ikkje var ein nokså sikker vinnar? Eg trur ikkje det. Så langt leve patriotismen. Vårt land ligg i sentrum av kloden, uansett kor globalistiske me prøver å vera.
Framtida? Den er alltid usikker, uansett kva perspektiv me måtte ha. For å ta dei to som er nærast oss: Vert det slutt på krigen i Ukraina? På kva vilkår? Kva med Gaza?
Eg let spørsmåla stå opne. Dei vanskelege spørsmåla: Har Nato ei framtid? Held EU på å gå opp i liminga? Svaret vil påverka oss alle. Nokre vil gle seg over at desse institusjonane forvitrar. Eg er mellom dei. Nato har stelt til så pass mykje sorg og elende, at me ikkje vil sakna organisasjonen. EU? Kvifor skal Europa slita med ein tungrodd, byråkratiske organisasjon, som stort sett fungerer som ei udemokratisk direktivmaskin. Andre vil sjå på desse to som garantist for fred og god tider.
Henta frå Grødaland
si Facebook-side med hans løyve.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.


