Svein Grødaland:
Eit gammalt herme heime gjekk omlag slik:
Den eine prata om sild, den andre om makrell, og dei kunne ikkje verta samde. Mykje av samfunnsdebatten er prega av dette fenomenet.
Når det vert slik, er det umogleg å føra ein fornuftig samtale. Det er ein del klassiske påstandar, som denne: Putin kan stoppa krigen kva tid som helst. Det var han som starta, då kan han og stoppa krigen kva tid som helst.
Den andre klassikaren er at me som prøver å sjå nyansert på situasjonen, vert putta i bås som Putinist. Det skjer som oftast når me prøver å referera «fienden» sin posisjon før forhandlingane om fred i Ukraina.
Felles for mykje av dette, er eit sterkt forenkla bilete av kva som skjer. I deira hovud starta krigen med invasjonen i 2022. Kva som var før, er heilt utan interesse.
Alt som skjer på den historiske arena har eit bakteppe, ei forhistorie. Sjølv invasjonen av Norge 9. april 1940 hadde ei forhistorie. Ein del av den historia heitte Altmark og raidet i Jøssinghamn. Ei tid var det eit ope spørsmål kven som kom til å invadera Norge først, tyskarane eller britane. Norske styremakter visste truleg lite om dette. Begge hadde gode grunnar. For begge handla det om jernmalm. Tyskarane ville ha malmen, britane ville hindra at tyskarane fekk tak i han.
For Europa sin del går forhistoria minst tusen år tilbake. Då vart Kyrkja delt mellom aust og vest, og det utvikla seg ulike kulturar. Dagens grenser går litt i hytt og vær, samanlikna med dei historiske. Den opphavelege identiteten kan sitja i ryggmargen i generasjonar.
Det var først på 18-hundretalet at dei store europeiske nasjonalstatane byrja å etablera seg. Det skjedde gjerne etter religiøse og språklege grenser. Då Jugoslavia fall saman, skjedde det for det meste etter religiøse grenser. Det er ennå uro omkring Bosnia og Kosovo.
Også Ukraina har sine lommar med ulik etnisitet, språk og religion. Den russiske gruppa er truleg størst. Men, det fins og ungararar og polakkar innanfor Ukraina sine grenser. Pålegget om å berre bruka ukrainask språk kan fort verta kjelde til meir uro.
Eit av Europa sine store problem, er at det er trekkt opp grenser utan å tenkja på kor folk havnar, på utsida eller innsida. Dei ukrainske russarane havna på utsida av sitt land. Sovjet brydde seg lite om det nasjonale og religiøse elementet og flytte på grenser etter innfallsmetoden. Det som nå heiter Ukraina, fekk ein del slike «presangar» av leiarar som ikkje hadde tanke for kva problem dette kunne verta. Alt var trygt samla innanfor Sovjet sitt interesseområde.
Dersom ein kan ana litt av dette, er det lettare å forstå kor komplisert situasjonen i Ukraina er.
Innlegget er henta fra Grødaland Facebook-side,
og gjengitt med hans tillatelse.
Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland


