Hans Olav Brendberg:

Fanga i augneblinken

Del:

Hans Olav Brendberg:
Fanga i augneblinken

På sekstitalet dreiv SF-stiftaren og tidlegare motstandsmann Torolv Solheim tidsskriftet «Fossegrimen». Solheim visste litt om makta som låg i ord. Han gjekk difor inn for å innføra omgrepet «livsfamn»: Som unge hadde han møtt folk som nærma seg hundre. Desse menneska hadde i barndomen kjent og samtala med folk nær same alder. Dei fleste av oss er på denne måten på hels med folk som vart fødde for over 160 år sidan. Og sjølvsagt femnar vi like langt andre vegen: Dei unge som vi lærer å kjenne på våre gamle dagar vil kunna bli kjent med og fortelja til folk som lever lenge etter at vi har reist. Ei normal livsfamn er såleis normalt godt over 300 år – som er ein høveleg tidbolk for å sjå endringar i perspektiv.

Men skal ei slik «livsfamn» tyda noko, må vi ha noko sams på tvers av generasjonar. Slike fellesskap er ganske vanlege – på ein alminneleg, norsk slektsgard vil folk ha god kjennskap til viktige hendingar gjennom fleire generasjonar. Og dei vil td. bruka eit sett med stadnamn med opphav i historier langt tilbake i tid. På garden eg har namn etter peikar namn som «Kurapet», «Gjøridalen» og andre mot hendingar langt tilbake i tid. På kjøkenet heng «Nytt i huset» – ei flettakorg som vart heitande «Nytt i huset» då ho vart innkjøpt eingong på trettitalet, for snart hundre år sidan.

Men fellesskapet som bind saman slektsledd treng ikkje vera ein gard – eg er sikker på at etterkomarane av dei som gjekk på ski til Sørpolen i 1911, og etterkomarane til dei som hjalp Jan Baalsrud har liknande fellesskap.

Men sterke krefter verkar også motsett veg – i retning av å skapa det Solheim kalla «kronologiske heimfødingar». Folk som er oppvaksne i nybygde byggjefelt, utan familietilknytting til staden der dei bur, vil ha vanskelegare for å finna fellesskap som gjev livsfamna tilknytting og meining. Slik vil dei også ha vanskelegare for å finna ei personleg historie som dei kan nytta som målestokk når dei freistar forstå den større historia.

Dette fører i neste omgang til mangel på korreksjon – og til slagside. Ikkje avdi den einskilde trør feil – men avdi flokken gjer det. Når vi som flokk og gruppe freistar forstå oss sjølve, vil resultatet over tid bli farga av ressonans og blinde flekkar som gruppa deler – og forsterkar. Dette skjer like lovbunde som når du legg ein elektrisk gitar framfor høgtalaren, nær nok til at det oppstår feedback.

Paul Gottfried kommenterer dette fenomenet slik:

«Om historikaren ønskjer å bli lesen av mange, bør han truleg ignorera alle mine åtvaringar mot slagside i historieskrivinga. Å ta desse åtvaringane på alvor vil ikkje hjelpa med salstala til ei bok om «historie». På same måten som med leitinga etter eit «Grand design», vil spesielle oppheng vera populære i ulike epokar, og den dyktige, marknadsorienterte forteljar må vita korleis han kan appelera til sin lesarkrins. Historikarar gjer suksess ved å tilby forteljingar som målgruppa deira ønskjer å tru er sanne. I ei betre verd vil ikkje historikarar bli drivne av partiske kjensler, eller spela på slike kjensler hjå andre. Men den som her søkjer dei moralske høgdene vil neppe bli løna med pengar eller posisjonar».

Gottfried konkluderer slik etter ein serie med småstykke der han åtvarar mot tendensen til å lesa Hitler bakover i tysk historie – tendensen til å sjå ei tydeleg line i tysk historie frå Bismarck til Hitler. Og på vegen les han opp att Herbert Butterfields «The Whig Interpretation of History», eit klassisk arbeid som handlar om «store historier» og dei slagsidene desse skaper.

Skal ein oppsummere kva som skjer når kronologiske heimfødingar og dei ressonanseforsterkingane desse skapar pregar historieforståinga i eit samfunn, er det særleg to ting som vil prega den offentlege diskusjonen om historie. Dei to tinga er:

  1. Kor mykje klokare vi no har vorte enn i dei fordomsfulle, gamle dagar.
  2. Korleis dei gode folka i fortida var akkurat som oss.

Fleire av dei store konfliktene nett no er prega av denne typen vindskeiv, polemisk historieforståing som gjer oss til fange av augneblenken. Eg vil truleg koma tilbake til fleire av desse, men nett no vil eg konsentrera meg om ein særskilt diskusjon der dette har kome skeivt ut.

Rett før jul skreiv Asle Toje ein kronikk i Aftenposten – «Vil Norge overleve det som kommer» – som har sett fyr på ein rekke debattar.

Årsaka til at Tojes kronikk er sopass brennbar, er at han målar med ganske breid pensel kring eit begrep – «nasjon» – som korkje han eller dei som polemiserer mot han avklarar (eller kan avklara).

Han viser til svenske forfattarar – som skreiv i ein annan situasjon enn den som forma norsk tradisjon. Og dermed inviterer han til halshogging av stråmenn – som sjølvsagt kjem som bestilt. I tillegg til Kjellén, nemner Toje Ernest Renan, og nasjonen som «ei dagleg folkeavstemming». Men Renan skreiv i den franske tradisjonen, som berre er ei av dei formene nasjonen fekk på det europeiske kartet. I Frankrike var nasjonen eit produkt av revolusjonen, dei politiske institusjonane, mobiliseringa.

I andre nasjonar vart nasjonen bygt i leiting etter tradisjonar, myter og fellesskap som kunne brukast som grunnmur for nye politiske institusjonar. Mykje norsk historieskriving – særleg fram til det politiske sjølvstendet – handlar om dette.

Her bommar ein del av kritikken av Toje. Ideen om ein «nasjon» er ideen om ein større fellesskap, som blir delt på tvers av generasjonar. Då Irland vart dekt av irske trikolorar i 2016, hundre år etter påskeoppreisten, feira irane ein desperat oppreist som hundre år tidlegare knapt greidde å samla 1000 menneske til væpna opprør. Men dei feira også ein ide om «nasjon» som ikkje er veldig ulik Tojes organiske nasjonsomgrep. I Irland har denne organiske, antikoloniale nasjonsideen vore berande for republikansk aktivisme i generasjonar.

Samstundes har ein også i generasjonar diskutert korleis den andre tradisjonen – den oransje, kongedyrkande anglo-irske tradisjonen – skal kunna integrerast i den irske nasjonen. Trikoloren gjer dette symbolsk. Men vegen derifrå til politiske realitetar har vore lang.

At adjektivet «norsk», som adjektivet «irsk» kan gradbøygast er så sjølvsagt at det nesten er uanstendig å påpeika det. Og så lenge det har vore ambisjonar om å realisera den norske fellesskapen som ein felles stat, har også adjektivet «norsk» vore gradbøygd. Ikkje minst av dei som mot slutten av 1800-talet heiste reine, norske flagg – utan «sildesalat». Dei som dyrka ein tanke om nasjonen som organisk fellesskap, på tvers av generasjonar – slik Toje gjer. «Norsk, norskare, norskast».

Det står ikkje i motsetnad til at nasjonen også er ein institusjonell og juridisk fellesskap – bygt etter fransk modell. Styrken til borgarrettar som doktrine, er at vi deler dei. Det tyder noko for meg og deg om Sigurd Jansen blir utsett for vilkårlege rettsovergrep frå statsmakta: Kan staten krenka borgarrettane til Jansen, er også våre rettar utsette. Sjølv om adjektivet «norsk» kan gradbøygast, kan ikkje borgarrettar gradbøygast. Om vi tillet at borgarrettane til Muhammed og Aisha blir veikare enn dei vi andre har, blir resultatet ein kløyvd og svekka nasjon – «oss» mot «dei».

Ein må vranglesa Toje ganske mykje for å konkludera med at han er talsmann for denne typen svekking av nasjonen. Tvert imot trur eg Toje vil vera av dei som kan tenkjast å ta til motmæle når nokon blir utsett for vilkårleg maktbruk.

Og eg trur normenn med innvandrarbakgrunn i særleg grad bør vera på vakt mot denne typen vranglesing. For denne typen vranglesing handlar mindre om å forsvara rettane til innvandra nordmenn, meir om å legitimera eit apparat av debattpoliti som skal gjera politisk debatt så «sensitiv» at han til slutt går tom for idear og forsvinn i rein administrasjon.

Det er ikkje konservativ kulturnasjonalisme av Tojes type som i dag trugar borgarrettane til folk med innvandringsbakgrunn. Trugsmålet er langt meir handgripeleg. Eit utmerka døme er tilfellet Huseyin Dogru.

Huseyin Dogru er ein tysk journalist som har tillatt seg å vera svært kritisk til Israels fokemord i Gaza. Dette er noko som tyske styresmakter – sjølvsagt – ikkje er komfortable med. Difor har tyske ministrar tatt med seg saka hans til EUs ministerråd – som sette han på sanksjonslista i mai. Ein mann engasjert i palestinske rettar driv jo sjølvsagt med «russisk desinformasjon».

Dogru er fødd og oppvaksen i Tyskland, og har tysk statsborgarskap. Likevel blir han av EU sanksjonert som «tyrkisk» – eit land han ikkje har budd i, og eit statsborgarskap han ikkje har. Dette kan EU gjera – avdi «sanksjonar» er eit politisk verktøy, frikopla frå rettsstaten. Det er ikkje tilfeldig at den tyske regjeringa gjer dette gjennom EU, i staden for å bruka eigne statsinstitusjonar. For nasjonalstaten – med sine lange tradisjonar for rettsstat, borgarrettar og liknande – gjer motstand mot rettsløyse. Ikkje minst på grunn av at nasjonalstatane er tufta på faktiske fellesskap der andre borgarar forstår at det som råkar den eine, i neste omgang kan råka andre.

Medan dei overnasjonale institusjonane – tufta på ideologi om «vestleg», «liberal» og ymse former for politisk korrekt meiningskontroll – i langt mindre grad gjer motstand mot dei hårreisande konsekvensane av å handama ein tysk statsborgar, fødd og oppvaksen i Tyskland, som «tyrkar», og ut frå dette straffa han for meiningar, utan noko form for rettsprosess.

I ein situasjon der dei overnasjonale, «liberale» institusjonane garanterer for langt meir enn dei er i stand til å innfri, trur eg Tojes forsvarstale for nasjonen er eit viktig innspel, til riktig tid. Og eg trur vi bør diskutera spørsmåla Tojes kronikk reiser langt grundigare enn dei utagerande «antifascistane» inviterer til. Vi treng fellesskap som løftar oss over augneblinken, og gjev meining til dei større samanhengane vi står i. Då trur eg Tojes «nasjon» gjev eit tryggare fundament enn td. Bals illusoriske «antifascisme» – som ikkje har anna å tilby enn konforme middelklassemyter og kronologisk provinsialisme.

Innlegget er henta fra Brendbergs Facebook-side
og gjengitt med hans tillatelse.
Uthevingar ved Politikus.no.

Framheva bilde:
Fanga i augneblinken.
Foto: OBB/Politikus

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: