Svein Grødaland:

Det går mot nyttår…

Del:

Svein Grødaland:

Det går mot nyttår, og tida er inne til å gjera opp litt status. Kor er me? Kva kan me venta av året som kjem? Ei av mine julegåver i år til næraste familie, er ein kalender med abstrakt foto og maleri.

Kanskje det signaliserer ei ny retning? Eg har utvikla mitt figurative uttrykk så langt eg kan. Tida er inne til å gå andre vegar, utforska andre sider av Livet.

Litt om det abstrakte. Det er berre den konkrete tingen som er konkret. Legendarisk er biletet av ei pipe, der teksten er omlag som så: Dette er ikkje ei pipe. Det er eit bilete av ei pipe.

Alle våre forsøk på å skildra og formidla, er abstraksjonar av det konkrete. Eit menneske si oppleving av det som skjer. Den opplevinga er personleg, farga av mine kunnskaper og mine verdiar. Ingen kjem utanom seg sjølv og eigne vurderingar. Det er derfor me kan vera usamde, fordi me sit med kvar sin bit av kunnskapen og kvar våre verdiar.

Ein oberstløytnant ser på krigen med militære briller, og så vidare. Ingen av oss har meir enn ein flik av sanninga. Og så dette: Det realfaglege perspektivet er eit anna enn det humanistiske. I tillegg har me det religiøse perspektivet.

Når eg skildrar saker som er oppe i tida, er ikkje eg sakene. Eg har ikkje den totale oversikten. Det eg skriv, er ein forenkla versjon av sanninga, det konkrete. Ingen, ikkje ein gong oberstløytnantane i NRK, er i stand til å gje eit fulltonande bilete av ein situasjon. Det vil alltid vera sider av saka som går under radaren.

Er eit forenkla bilete feil? Ikkje nødvendigvis. Både som skribent og biletskapar lagar eg eit redigert bilete, der eg prøver å framheva det som er viktig i mine auge. Dette er grunnlaget for all meiningsutveksling, at me har kvar vår bit av sanninga. Ofte er ein litt personleg tekst eit godt utgangspunkt for felles refleksjon. Og så eit hjartesukk: Realfag kan aldri verta personleg. Forsking kan aldri verta personleg. Det er ei jakt etter eksakt kunnskap, basert på etterprøvbare forsøk. Den dagen forskarar snakkar om konsensus, har vitskapen tapt. Politikken tek fakta sin plass. Typisk klima-saka. Der fungerer ordet «klima» som eit religiøst mantra. Trua har teke over.

Kva kan me venta av året som kjem? Gode ynskje dekker ikkje alt. Me ynskjer kvarandre eit godt år. Alle gjer det. Då kan me undrast over kvifor dei destruktive kreftene er så sterke. All krig er destruktiv, også den som vert utkjempa på vegne av våre verdiar. Kvifor skal våre verdiar vera meir høgverdige enn andre sine? Ingen av oss er meir enn menneske.

Det siste dømet er amerikanske bomber i Nigeria. Styresmaktene skal ha bede om det, og Trump slår fast at ingen kan bomba så bra som USA. Endeleg eit sant ord. Bortimot.

PS: Ynskjer alle mine lesarar eit God Nytt År.

Framheva bilete:
Abstrakt bilete.
Av Svein Grødaland.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: