Svein Grødaland:
Uncle Sam rører på seg
Eg har stundom ymta frampå om at eg er meir redd for USA enn eg er for Russland. Det er fleire grunnar til det. Den eine grunnen er at den vesle krigen i Ukraina sluker det meste av dei militære ressursene på begge sider. Russland har neppe militære musklar nok til eit storstilt angrep på Europa. Det hjelper lite at det har heller ikkje Europa. EU har skrapt kista til botnen for å nok ressurser til kampen mot Russland eit par år til. Og bak dørene spøker tanken om ein storstilt invasjon dersom Russland vinn krigen i Ukraina.
Trur toppane i EU at me er dum, ikkje får ting med oss? Russland kan ikkje både vera utarma og samstundes vera sterk nok til storkrig mot EU. Men Makt og Media prøver å kjøra begge forteljingane ved sida av kvarandre.
Det vanlege er at ein standard politikar fører politikk på bakgrunn av korleis ting var. Ein god politikar får med seg dei endringane som skjer, og tilpassar politikken til det. I Europa er det ein gjeng undermålarar som styrer. Dei ser på Russland som synonymt med Sovjet, og trur at den russiske tankegangen er lik den sovjetiske. Det er berre det, at Sovjet er historie, ei falle imperium på linje med Romerriket og det britiske imperiet. Russland har vakse fram på ruinane etter Sovjet-imperiet. Russland er stort nok til langt på veg vera seg sjølv nok. Landet har både areal og ressuser. Kvifor trå etter meir?
Den som faktisk rører på seg med tanke på å erobra nytt land, er USA. Det har vore stilt omkring Danmark nokre månadar. Men nå har Trump utnemnt ein person som skal leggja til rette for at Grønland skal verta ein del av USA. Det er nokså opplagt kva danskane tykkjer om det.
Mykje vil ha meir. USA har base på Island. Sjølvsagt har dei det. Kva med Svalbard? Svalbard er norsk område. Det dannar grunnlag for vårt krav om kontroll på ressursene i nord, spesielt fiskeri. Me har ingen garanti for at USA ikkje strekker ut dei lange fingrane sine etter den norske øygruppa. På den andre sida av kloden er dei i full gang med å rasla med sablane. Venezuela skal gje frå seg det dei har stole frå USA, er kravet. Slik har USA halde det gåande, mot land etter land. Heile tida ein krig på gang. Det handlar om å grava til seg ressurser, olje, mineral og metall.
Dette skal vera vår næraste allierte. Har vore. For dei banda held på å slitna. USA har snudd frå å vera vår støtte til å vera kolonimakt over oss. Europa er berre interessant i den grad USA har direkte fordeler av oss.
Henta fra Grødalands
Facebook-side 22.12.2025
og gjengitt med hans tillatelse.
Foto: Svein Grødaland
Mot solnedgangen


