Svein Grødaland:
«Den som har gjort mest til folkenes forbrødring». Slik heiter det i Alfred Nobel sitt testamente. Kva har vinnaren i år bidrege med i den retning? Fint lite, spør du meg. Tvert imot. Ho helsar framande soldatar (US-amerikanske) velkommen på heimlandet si jord for å styrta ein omstridd president. Ei slik haldning diskvalifiserer til ein fredspris. Legg til at mykje tyder på at ho er lite populær i heimlandet. Meiningsmålingar seier tre til ti prosent oppslutning. Ikkje så rart, når ho inviterer til krig mot heimlandet. Krig er alltid ei dårleg løysing, og heilt ubrukbart til å byggja demokrati.
Tek me lista over vinnarar bak i tida, er det som oftast eit sørgeleg syn.
Det er langt mellom dei som arbeider for fred mellom nasjonane, endå lengre mellom dei som oppnår resultat. Det ender som oftast med at prisen går til einkvan som har bidrege med litt intern opposisjon. Pussig nok er kjem vinnaren som regel frå eit land me har definert som fiende av det vestlege samfunnet. Det ville vera utenkeleg å gje fredsprisen til ein som avslører overgrep i regi av vestlege makter. Nevner namn som Julian Assange og Edward Snowden. Denne mangelen på balanse diskvalifiserer verdien av prisen i land utanfor vårt vestlege hjørne.
Framheva bilde:
Foto: Nobelinstituttet.


