Svein Grødaland
Når krybba er tom, del 3
Det er berre å erkjenna det. Europa har vore ein parasitt på den globale arenaen i fleire hundre år.
Det har ført til at me har utvikla bedre vanar enn det me har grunnlag for. Europa er ikkje spesielt rik på naturlege ressurser. Kolonimaktene har levd høgt på varer me har drege heim frå koloniane. Nå er den tida på veg til å ta slutt. Koloniane treng ressusane sjølv, eller så skal dei i det minste ha anstendig betalt for varer som vert sende «heim» til Europa.
Frankrike til dømes, har hatt nokre svært gunstige «handelsavtalar» med tidlegare koloniar. Dei finn seg ikkje i dette lenger.
Europa si tid som global stormakt går mot slutten. For folk flest er konsekvensen auka arbeidsløyse, press mot velferdsamfunnet, pensjon, helse, utdanning. Den politiske eliten er så langt skjerma for dette. d’herrer i London, Berlin og Paris lever ennå i gamle forestillingar der dei ser seg sjølv som leiarar av stormakter. Dei tre til saman skal handtera Russland og vinna tilbake Ukraina. Sweet dreams.
Det er slutt på den tida då Europa jubla for marsjerande soldatar, på veg mot aust. Det er slutt på den tida då Europa var villig til å senda sine ungdommar i krigen.
***
Ting er snudd på hovudet. Nå er det Europa som held på å verta kolonisert. USA tek rollen som den nye kolonimakta. Metoden er tilpassa vår tid. Nå presser USA sine «allierte» i Europa til å kjøpa kostbare amerikansk våpen, til beste for den amerikanske våpenindustrien.
Det er likevel lyspunkt; dersom våpenhandel skal kunna kallast lyspunkt. Europa har byrja å kjøpa europeisk. Britiske fregattar, til dømes. Europa held på å fasa ut USA. Det er på høg tid. Amerikanarane vender blikket i heilt andre retningar. Litt ekspansiv kanonbåtdiplomati mot Sør-Amerika. Pluss litt sanksjonar for å kvela økonomien i ulydige land, som Venezuela. Litt panikk for Kina, som held på å verta større enn USA.
Det er nye tider, og nye stormakter. Det er ikkje noko nytt. Slik har det alltid vore. Stormakter har vakse seg store, dominert ei tid for å falla tilbake.
***
Europa sit i ei økonomisk kattepine, medan statsleiarane gjer gode miner til slett spel. Meir enn ein gong undrar eg meg: Veit du ikkje bedre enn dette, eller, står du der og lyg? Det same gjeld våre eigne, d’herrer Jonas og Espen.
Foto:
Gateskilt frå Kypros.
Skiltet er ein høveleg kommentar til mykje
av det som vert servert i våre media.


