Svein Grødaland:
Når krybba er tom, del 2
Her er meir. Sanksjonane. Dei som skulle isolera Russland frå handel med omverda. Det viste seg å ikkje vera så enkelt. Her passar historia om den gongen den engelske kanalen var stengd på grunn av tåke. Då kunne britiske media melda at det er tåke i kanalen, kontinentet er isolert.
Parallellen er slåande. Russland har mange naboar, nokre av dei har me knapt høyrt om før. Ein del av desse landa hadde ei høne eller to å plukka med europeiske kolonimakter. Det danna seg etter kvart eit fellesskap av ikkje-vestlege land. Desse handla meir og meir, seg i mellom, aller helst med eigen valuta. Nokre har vonde minne frå ei dollar-tid.
Det som skjer, er at Russland handlar omlag som før, med andre partnarar. Den handelen Russland hadde med Vesten, turka inn, til stor skade for ein del vestlege land. Også Norge har fått kjenna på dette. Me har felles fiskebankar med Russland, Det vanlege er å forhandla litt, for å verta samde om kvotar og kor mykje kvart land kan ta opp. Bortsett frå dette, har ikkje sanksjonane råka oss like hardt som fleire andre land. Derimot har me vore ivrige til å støtta korrupte politikarar i Ukraina. Der sit milliardane laust, medan dei same internasjonalistane gnir på kvar einaste skillingen som skal brukast her heime. Her må me ofra både skule, helse og kommuneøkonomi for eit heller tvilsomt formål.
***
Den som slepper lettast frå sanksjonane, er den som sit heime i Washington og trekker i trådane. Han er i tillegg mektig nok til å strø godt med salt i europeiske sår. Tollmurar. Det siste er interessant. Frihandel har vore ei heilag ku i den vestlege verda. Gjennom den har me kontrollert handelen, gitt merknadar til den som bryr vilkåra. Tollmurane er ein spiker i kista for frihandelen. Lysluggen i Washington har funne ut at dersom han skal få gang på eigen industri, må den vernast mot konkurranse utanfrå. Han (USA) er mektig nok til å ikkje bry seg om internasjonale reglar og avtalar når desse er til skade for han.
Framheve bilete:
Foto: Svein Grødaland


