Når krybba er tom…

Del:

Svein Grødaland:
Når krybba er tom…

Kan det vera krigen i Ukraina som veltar EU? Legg ein alternative media ved sida av Main Stream, vert det teikna eit bilete av Europa som ikkje ser så lyst ut for vår del.

Eit par pinlege fakta:

Europeisk økonomi er for ein stor del basert på ran og tjuveri frå koloniane. Kong Leopold av Belgia baserte sin rikdom på sitt Belgisk Kongo. Britane hadde spreidd koloniar over heile kloden, så tett at sola aldri gjekk ned over heile koloniveldet.

Franskmennene hadde sugerøyret djupt ned i ressusene i Vest-Afrika. Mesteparten av Sør-Amerika vart kolonisert av Spania og Portugal. Derfor er spansk felles språk i desse landa. USA har prøvd å få kontroll over dette området dei siste hundre åra. Høyrt om Monoe-doktrinen?

(I parentes: kven har kolonisert Europa, sidan me har amerikansk/engelsk som felles språk?)

Aktuelt: Nato / Europa er etter kvart politisk og militært irrelevant. Dei må stort sett sitja på gangen når dei vaksne snakkar. Når borna får sleppa til, handlar det stort sett om å stikka kjeppar i hjulet for ei snarleg løysing. Kravet om å vinna krigen mot Russland, er jamgodt med å be om få tapa den krigen. Det tek tid for vesten å vinna krigen. Den tida vert brukt av Russland til å eta seg ennå lengre inn i Ukraina.

***

Kva er status for oss? Eg skriv «oss» fordi me er tett kobla saman med EU / USA. I Norge har me framleis full tillit til at det vestlege byggverket vil halda stand mot konkurranse utanfrå, frå BRICKS, først og fremst Kina.

Det såkalla internasjonale regelverket er under press. Omverda har oppdaga at desse er laga for å tena europeiske interesser, og set inn tiltak. Eit slikt er å bruka eigen valuta når dei ahndlar med kvarandre. Dermed svekker dei dollaren sin posison, og dermed også vår dollarbaserte økonom. (Norsk olje vert prisa og selt i dollar)

Europa laga ris til eigen bak så me sette ut produksjon til land som kunne gjera det billigare enn oss. Arbeidsfolk tapte på dette, dei som før berre var rike, vart søkkrike. Nasjonane miste kunnskap om industri og produksjon av varer. Me sat att med økonomar og spekulantar, yrke som aldri har produsert noko som helst som kunne seljast til andre. Me kunne kjøpa. Det har me gjort. Det fins knapt ein ting i heimane våre, som er laga i Norge.

***

Europa lever med skylappar. Me er framleis leiande nasjonar, som andre ser opp til. London, Paris og Berlin legg planar for korleis dei skal på slutt på krigen på europeiske premisser. Det er i beste fall naivt når me ser at Ukraina, med Europa på slep, held på å tapa krigen. Dei mektige i Europa er inne i ei djup økonomisk krise. Me vert litt snurt når lysluggen i Washington minner oss om at deler av problemet kan skriva seg frå hovudlaus migrasjon.

Sjølv prøver han å få gang på eigen industri. Businessmannen veit bedre enn få andre, at den som skal tena pengar, må har noko å selja. Då tregs det produksjon. Ingen kjøper aksjer utan substansverdi i botn. Luftaksjer er farlege saker. Det som aukar fort i verdi, kan tapa verdi minst like fort.

Henta frå Grødaland si Facebook-side, og attgjeve med hans tillatelse.

Foto: Svein Grødaland.
Ein gong i tida laga me slike maskinar i Norge. Ikkje nå lenger.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: