Svein Grødaland:
Det vert sagt at det ikkje berre handlar om fred i Ukraina. Det handlar om heile Europa. Dermed skulle det meste vera sagt om krigen i Ukraina.
Eg er ikkje så sikker på det. Nokre små detaljer tyder på noko anna.
Det er nå eitt år sidan regimeskiftet i Syria. Det russiske flyvåpenet var opptekne med Ukraina, og rakk ikkje fram tidsnok til å gripa inn. Tyder det på eit overdimensjonert russisk flyvåpen?
Russland har ikkje ambisjonar om å utvida mot vest. Dei har heller ingen ambisjonar om å gjenoppretta det gamle Sovjet, med sine bufferstatar som Polen, Aust-Tyskland, Jugoslavia, Romania.
For Russland handlar det om russisk identitet og kultur. Derfor er ikkje Russland interessert i vestleg orienterte Vest-Ukraina. Det var Kiev som starta krigen mot sine russiske landsmenn i aust i 2014. Hadde regimet i Kiev halde seg i ro, hadde det ikkje blitt nokon krig. Då kunne ein kanskje løyst problemet med Nato i fred og ro. Slik vart det ikkje.
Eg vert meir og meir klar over at det er USA/Nato som er den ekspansive parten. Denne alliansen har stått bak det meste av intriger, krigar og andre væpna konflikter ein mannsalder eller to. Det som skjer utanfor Venezuela burde vera klargjerande nok. Det set fredspris (og USA) i eit merkeleg lys. Prisen er gitt til ein aktiv krigshissar. Ho tek med glede mot «hjelp» få USA til å styrta regimet i Venezuela. Den hjelpa handlar om alt frå infiltrasjon, støtte til USA-lojale krefter i landet til militær invasjon. Nobels Fredspris er på veg ned mot Fifa-nivå, du veit den smiskeprisen Trump fekk som litt smøring med tanke på VM i fotball neste år.
Her heime får me kjenna litt på konsekvensen av å prøva å vera stor i lag med dei som verkeleg er store. Russarane er ein tanke sur på det norske engasjementet omkring sanksjonane. Dermed er det usikkert korleis det går med forhandlingane omkring fisket i Barentshavet.
***
Eg er redd sanninga er den brutale, at det er Vesten som har sett i gang Ragnarok i Ukraina. Det er vesten som er ekspansiv, vil ha krig. Det er vesten, les EU, som held på å øydeleggja eigen økonomi i kampen for å ta knekken på den russiske. Tskland ogFrankrike har store problem. Støtta frå dei franske koloniane held på å tørka opp. Afrika er lei av å sponsa Vesten, i første rekke kolonimakter som Frankrike og Storbritannia. Det viser att på nasjonalprodukt og økonomi.
***
Det som ser ut til å skje, er at nasjonalisme erstattar globalismen. Globalisme er kaos og mangel på demokrati. Overnasjonale organ tek nasjonalforsamlingane sin plass. Desse er ikkje under demokratisk kontroll.
Den aust-tyske overvakinga er ingen ting samanlikna med den overvakinga vesten er i stand til å gjennomføra. USA har prøvd seg.Det seiest at Angela Merkel vart både sint og vonbroten då ho oppdaga at USA spionerte på henne.
Ei utvikling i retning meir vekt på nasjonane er positivt, for det set dei i stand til å føra ein politikk til beste for eige land. Det er nok av tilfelle der det vestlege verktøyet har basta og bunde svake økonomiar og hindra dei i å koma på fote med nasjonale tiltak.
Henta frå Grødaland si Facebook-side, og attgjeve med hans tillatelse.
Foto: Svein Grødaland.
Nedgrodd krigsminne.
Me burde vera ferdige med alt som heiter krig når me veit kor destruktiv det er.


